Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

På vevstova kan du lage mykje fint.

På vevstova kan du lage mykje fint. Foto:M.Hauso

Signy jobbar med renning

Signy jobbar med renning. Foto: M. Hauso

Filleryer kan brukast som stolteppe.

Filleryer kan brukast som stolteppe. Foto Aslak Raanes

Kultur, læring og fellesskap på vevstova

Treng du ein ny fritidsaktivitet? Kanskje veving er noko for deg? Vevstova i kjellaren på Sentrumsbygget er open for alle, kvar onsdag kl 18-21.

Ei eiga nemnd med flinke bygdekvinner har drive vevstove i fleire tiår. Her finn ein vevstolar med ulike teknikkar. Du kan veve mykje fint; frå filleryer til løparar i lin eller ull, for å nemna nokre døme.
Nybyrjarar får god rettleiing av dei erfarne vevarane i arbeidsnemnda.