Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Foto: Ingrid Nummedal

Foto: Ingrid Nummedal

Foto: Ingrid Nummedal. Servering!!!

Medlemsmøtet 13. februar


Valborg Nummedal fortalde om arbeidet sitt for fattige i Aust-Europa.

Tysdag 13.februar hadde me møte på Frivilligsentralen. Valborg Nummedal fortalde levande og engasjert om arbeidet med julekort dei lagar og sender til fattige, om strikking av sokkar og om innsamling av klede, utstyr og leiker til fattige fleire stader i Aust-Europa. Ho fortalde om kva dei hadde behov for, og kven som trong hjelp. Dei er og takksame for pengegåver. Dei sender peng til lokale medhjelparar som handlar bruksting lokalt og gjev til trengande. Ho hadde med seg bilder av sjølve arbeidet med innsamlinga, transporten, og mennesker som mottok gavene. Tusen takk til Valborg for at ho gav oss eit innblikk i det ho brenn for!

Det blei informasjon fra Hordaland Bygdekvinnelag. Styret varta opp med kaffi, rundstykker og frukt,og praten gikk rundt bordene.