Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Sommaravslutning med tur til Tingvoll

Laurdag 13.juni reiste vi i Bygdekvinnelaget på tur til Tingvoll. Vi har tradisjon for ei markering når vi avsluttar for sommaren, før vi startar for fullt med nye aktivitetar til hausten. 

Det var ekstra stas denne gongen, at vi hadde søkt midlar frå Ørskog sparebank slik at vi kunne reise på ein slik flott tur, med kulturarv og norske mattradisjonar i fokus. 

Første besøket når vi ankom Tingvoll, var Tingvoll Ost. Dette er ein familiedreven gard der dei har ysteri. Her fekk vi servert eit bugnande bord av spekemat og sjølvsagt garden sine signatur-ostar Vismann, Edel Frue, Mild Meister og ikkje minst kraftkar. Vi fekk ei flott omvisning og fekk lære om historia til merkevara Tingvollost, ei inspirerande og tankevekkande forteljing. 

Vidare gjekk ferda til Strupstad Gard, der grunderen Silje driv Tingvollsider. Her dyrkar ho epler og produserer eigen sider, noko som ho har gjort sidan oppstart i 2020. Også her fekk vi sjølvsagt smake på fleire av produkta ho lagar, noko som kan varmt anbefalast!  

Vi hadde ei nydeleg avslutning før sommarferien og fekk sjølvsagt handla med oss varer heim frå begge gardane. Kanskje det held ut sommaren, hvis ikkje, får vi berre ta turen ein gong til;)