Send inn forslag på Årets lokallag
Norges Bygdekvinnelag kårar kvart år årets lokallag som får både heder, ære og prispremie på kroner 20 000,-.
Kåringa av Årets lokallag er med på å vise fram den gode aktiviteten i regi av lokallaga, og vinnaren er ei inspirasjonskjelde og forbilde for andre Bygdekvinnelag.
Har du forslag på eit engasjert og aktivt Bygdekvinnelag?
Fyll inn forslagsskjemaet og send det inn til ditt distriktslag innan 1. mai 2023.
Kven som helst kan foreslå både eige og andre lag som årets lokallag. Distriktsstyret vurderer kva lokallag som går vidare til den nasjonale kåringa. Årets lokallag vert kåra på Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar i Stavanger 10.- 12. november 2023.
Fjorårets vinnar: Ytre Hobøl
Leiar i Ytre Høbøl Bygdekvinnelag Marit Hoff Lund fortel at laget inviterer til alt frå gåturar til lefsebakst. Ytre Hobøl Bygdekvinnelaget er opptekne av å ha opne møter, og medlemmane jobbar saman for å ha fengande tema og foredrag som kan favne både yngre og eldre i laget.
Vi har økt medlemsmassen jevnt de siste fem årene, fra 25 medlemmer i 2017 til 36 medlemmer i 2022.
Laget bruker Facebook og nettsiden aktivt for å vere synlege. På stand og matservering bruker dei pop-up telt, strandflagg og t-skjorter med laget sin logo.