Hopp til hovedinnhold
Bløtkake er som en vakker forundringspakke. Det er alltid spennende å oppdage de gode og velkomponerte smakene som er gjemt inni. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

Bløtkake er som en vakker forundringspakke. Det er alltid spennende å oppdage de gode og velkomponerte smakene som er gjemt inni. Illustrasjonsfoto: Shutterstock.

Bygdekvinnenes 17. mai-meny med Solveig

Solveig Linge Stakkestad fra Valldal Bygdekvinnelag er en av våre dyktige matkunstnere som raust deler gode matoppskrifter. Før årets nasjonaldag har Solveig funnet fram til en spennende, glutenfri meny.

TEKST: SOLVEIG LINGE STAKKESTAD

God mat og fest høyrer alltid saman.

God mat har alltid vore ein raud tråd gjennom heile 17.mai-feiringa. Det er høgtid, det er glede og det er på ei tid då våren har kome til oss. Det er vakre fargar som rammar inn den feststemninga vi er i.

Vi blir inspirert til å lage ekstra fine festbord og maten må vere nasjonaldagen verdig. Vi samlar familie og vener og ofte er det lange bordsete. Mange har oppgåver på denne dagen, måltidet må vere tilgjengeleg og tilpassa alle. Borna har det ofte travelt, og må få dei godsakene som dei aller helst vil ha. Vi må lage oss  gode stunder for liten og stor, rydde rom for god kontakt.

På ein dag som denne kjenner vi eit visst nasjonalt preg over den smakfulle rømmegrauten, og den gode spekematen med ein dåm av milde vindar frå fjellheimen. Tradisjonen snik seg heilt inn i ryggrada. Vi nyt  måltidet. Vi nyt festbordet og omtanken ved det. Vi nyt at gamle tradisjonar blir brukt. Vi nyt at nye blir utvikla. Vi nyt stemninga  av flott musikk og nasjonalsong. Vi nyt at vi er saman om dette, som er det viktigaste vi har. Vi reiser oss frå bordet, rettar ryggen og tenkjer:  

Det er slik det skal vere                      

 

Blautkake med plommesyltety

Blautkake er og blir ei festkake. Det er alltid «svung» over ei flott blautkake. Pyntinga kan du gjere så fancy som du vil, men til 17.mai så er det flott med nasjonalfargane raudt og blått på den kvite kremen. Bringebær og blåbær gjer seg veldig fint oppå kaka.

Ingrediensar

6 egg

2 dl sukker

2,5 dl glutenfritt mjøl (semper)

1,5 dl potetmjøl

2 ts bakepulver

Framgangsmåte 

Pisk eggedosis, og sikt på mjøl og bakepulver.  Rør det varsamt saman.  

Stek på 175 grader i 45- 50 min

Bruk rund form 24/26 cm

Fyll

9 dl kremfløyte

2-3 dl plommesyltety

1/2 plate kokesjokolade, hakka

Pynt 

Blåbær og bringebær. Dette kan også vere frosne bær.                                    

 

Kommentar frå Solveig: Plommesyltetyet  smakar veldig godt i blautkake, spesielt av gule plommer. Det må vere litt tjukt. Det kan gjerne vere blanda  med aprikossyltety eller aprikos som er kokt og mosa. Denne kaka kan vi dele i tre lag. Legg eit tynt lag med plommesyltety på kvart av dei to nederste laga. Ha også litt syltety i kremen som du legg på kvart lag. Strø hakka sjokolade oppå. På topplaget kan ein også ha eit tynt lag med syltety, men ikkje så mykje at det viser gjennom kremen. Bruk ca 3 dl kremfløyte på toppen og rundt kantane. Bruk gjerne kremsprut viss du har, elles går det fint å bruke ei skei og slikkepott til å jamne oppå og rundt.

 

Solveig Linge Stakkestad på et av sine mange matkurs i regi av bygdekvinnelaget. Foto: Helle Cecilie Berger

 

Tørre vaflar:

Det er alltid greitt å ha noko i ein boks og barnebarna er veldig glade i tørre vaflar. Det er ein nøytral og god smak som dei likar.

Illustrasjonsfoto: Pixabay.com

Ingrediensar

4 egg

250 g sukker

250 g smør

500 g potetmjøl

2 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

Framgangsmåte 

Pisk eggedosis. Ha i smelta smør. Rør varsamt inn potetmjøl, vaniljesukker og bakepulver. Varm vaffeljarnet. Legg ca 2 spiseskeier røre i jarnet og trykk lett saman. Steiketid som vanleg vaffel. Legg på rist og del vaflane. Dette blir ca12-14 plater. Avkjøl og ha i tett boks

 

Potetsalat

Ein velsmakande potetsalat til spekematen er god og grei mat på 17. mai.

 

Ingrediensar

3/4 kg kokte poteter

1/2 purre

4 hakka sylteagurkar

2 eple

litt grasløk

saft av 1 siron og litt frå sylteagurk

Framgangsmåte

Skjer potetene i terningar, purren i tynne ringar og eplet i små terningar.                     

 

Rømmedressing

2 dl rømme  

5 ss majones                                                                                      

Oljedressing 

4 ss olje

1ss eddik 

2 ts sennep

 

Omnstua poteter

Dette er eit godt alternativ til potetsalat

 

Ingrediensar

3/4 kg kokte poteter

2 løk

1 ss smør

1 raud paprika

4 stilkar stangselleri

salt, pepar, timian og riven ost

200 grader i ca 20 min                                                                         

 

Framgangsmåte

Skjer potetene i skiver. Fres løken, skjer paprika i terningar og sellerien i tynne ringar. Legg i eldfast form og dryss ost på toppen.

Dette smakar godt til  spekemat av mange slag.

 

God 17. mai-helsing frå Solveig Linge Stakkestad, leiar i Valldal Bygdekvinnelag

 

Asker Bygdekvinnelag har laget denne spennende 17. mai-menyen med oppskrifter