Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

11.Desember og vi ser litt på Vinterlego!


Vinterlego,eller setring på vinterstid, er noko som det nok var slutt på for mange,mange år sidan.


 

Eg fekk augene opp for denne forma for setring ved mitt fyrste møte med Gruppa Rimrose,som består av nokre av dei dyktigaste musikarane vi har i Gudbrandsdalen. Aslak Opsahl Brimi, Ole Jonny Bekkemellem, Geir Marius Thorud og Hildegunn Hovde.Kanskje ikkje det ein trur ein skal sitja att med etter ein konsert, men slik vart det den gongen, og etter det har ordet "Klåvåheilagt" vorte eit favoritt ord, og den julesongen som eg får finaste bilete i hovudet av er Aslak sin "Vinterlego".

Bestefar til Aslak, Hans W.Brimi  har ein lydarslått etter seg som heiter "Klåvåheilagt",  

Rimrose skriv i si tekst om slåtten "Klåvåheilagt": 

"I tidlegare tider måtte ein utnytte alt det både dal og fjell ga.

Med seterdrifta kunne ein la kyrne utnytte fjellbeite,og garden kunne ha meir dyrka mark.

Det blir sagt at somme gardar låg att med kyrne på setra utover haust og vinteren for å fore opp all avlinga,såkalt "vinterlego".

Gammel-Mari.som var budeie på Brimi-setra da Aslak sin bestefar, Hans W.,var unggut,fortalte at nokre få gonger hendte det at budeiene måtte vera på setra til over jul.

Dette var nok einsamt og truleg noko vemodig da dei ikkje fekk vere med på høgtidsfeiringa nede i dalen,med familien og i kyrkja. Om julekvelden slapp budeiene kyrne ut slik at dei skulle få lufte seg. Når dei hadde teke bølingen inn att,og hadde bunde kyrne i klaven -eller "klåvå'n"som dialekta seier-inne i båsen, var det "klåvåheilagt"på setra. 

Lydarslåtten til Hans W. er inspirert av ei slik vinterlego, og den einsemda budeia måtte kjenne på i ei julehøgtid langt til fjells "

 

Sjå for dykk lykkelege kyr som spring rundt i snogen på seterstulen! Det er bilete ein blir glad av!

Før dei, går på rekke inn att i seterfjoset og får klåvån på. 

 

 

Det er godt og sitte heime i ei varm stove og drøyme seg bort, kanskje 100 år etter at dei setra i jula,det var nok ikkje så romantisk som eg tykkjer det høyres ut som!

Men det er mykje historie i korleis dei overlevde før. Dei nytta alle resursar sjølv om nokon måtte bu langt til fjells,kanskje heilt åleine, om vinteren. 

 

Tenkjer vi alle har noko å lære.