Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Damene kosa seg med tapas i stova.

Tapas bord på kjøkenet på Føråa

Elisabeth og Torfinn har samla møbler frå heile sør-Noreg for å få eit tidsriktig hus!

Artig kokke på gamal komfyr! Og fungerte gjorde den!

Å bruke tid saman med andre Bygdekvinner er gull!

Triveleg på kjøkenet "på Førån"

Fin utsikt frå Bratlia

Huseigaren er klar for gjestane!

Ous takka Gjeiling-Ljomen ,Reidar og Rolf Morten for at dei legg turen til Kvam kvart år.

Så rydda vi opp att etter vi hadde vore på konsert, og da var det kveld i hønhuset og ;)

12.Desember og vi tek turen til Ruste Bygdekvinnelag!


Tradisjonen tru har vi i Ruste Bygdekvinnelag julemøte kvart år.


I år vart det i 60 talshuset som medlem Elisabeth har pussa opp saman med sambuaren sin øvst i Ruste.

Øvst opp i Ruste, på vestsida av Laugen,i Nord-Fron kommune, ligg garden Nedre Bratlia. Der har medlem Elisabeth og sambuaren Torfinn pussa opp og innreia "Føråa" på garden til ei 60 tals hus. Møbler er henta frå heile Sør-Noreg ,FINN er saumfart for små detaljer, alle i bekjentskapskretsen har plukka fram det dei har av aktuelle ting, og no står 4 soverom, 2 stover,kjøken og bad ferdig måla og innreidd i møblar frå Teak himmelen!

Før Oppussinga leigde dei ut huset på langtidsleie ,men no har dei tenkt å bruke det til meire Inn på Tunet relaterte ting, utleie til små grupper (det er 10 sengeplasser) med meire. Og vi i Bygdekvinnelaget er så heldige at vi får låne det, og det kjem vi til å gjere nokre gonger i løpet av året!

 

 

Før jul har vi i Ruste Bygdekvinnelag tradisjon med å ha juleselskap. I år inviterte styret på Juletapas i 60-talshuset, før laget spanderte billettar på julekonsert i Kvam kyrkje, Der var Garmoingane Gjeling-Ljomen på besøk saman med Reidar Svare og Rolf Morten Hosarøygard. 

På tapas bordet hadde vi i styret både tradisjonell mat, med ribbe, lammerull, lefse, flattbrød,fjell fisk med meire, og asiatisk mat med mykje chili og anna godt. Moltekrem til dessert.