Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Triveleg i bakstkjellaren

13.Desember og vi tek turen til Lesja Bygdekvinnelag!


Mange er nok i bakstkjellaren i desse tider!


 

To bygdekvinner frå Lesja (Sissel og Kathrine) steika tynnkaku saman ein kveld,og her kjem eit triveleg bilete frå bakstkjellaren!

Fann ikkje oppskrift frå spesielt Lesja i farta,men har boka frå Dovre Bygdekvinnelag og der står det oppskrift på Tunnkaku:

3 koppar sur mjølk

1 kopp sukker

1 kopp smelta smør

1ss hornsalt

ca.250 g kveitemjøl

 

Bland alt saman. Kjevle ut til ein ca 1/2 cm tjukk leiv. Skjer ut rundingar og steik på varm takke.

Håpar ikkje forskjellane er for store mellom bygdene :) 

 

Leiaren i laget, Kathrine helsar og ynskjer alle Bygdekvinner ei God jul!