Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Loms kyrkja ein Desember kveld

14.Desember og vi tek turen til Æresmedlem Oddbjørg Blakar (del1) !


Ein førjuls tur til Lom,for å prate litt om jul i "gamle dagar",vart til eit mange timers besøk med tema frå jul, via vassveiger og Bygdekvinnelaget til slekt og håndarbeid.


Her kjem del 1. Del 2 kjem julekvelden!

For mange veker sidan bestemte eg meg for at Oddbjørg skulle med i årets kalender.Ho er "prototypa" på Bygdekvinne for meg. Da eg var i ungdomsåra og tanta mi (som Oddbjørg er tante til) prata om Bondekvinnelaget var det Oddbjørg Blakar, svigerinna hennar Hjørdis Graffer og Rønnaug Sjurgard som var dei tre eg kjende av dei eldste. Så i alle åra som har gått er det desse tre eg har sett for meg som dei "ekte" Bygdekvinnene. Dei som møtte opp, og var med. Sjølvsagt saman med dei andre, men desse tre var med som stamma i laget i Lom i "alle år".

Oddbjørg er ei av to æresmedlemmar i Oppland Bygdekvinnelag.Saman med Ruth Røn er ho dei siste æresmedlemmane våre,sidan vi ikkje praktiserer dette meire.Dei blir inviterte til mellom anna årsmøte, og Oddbjørg sender oss ei helsing på postkort. Det les vi opp i årsmøtet, og det er støtt like triveleg helsing å få,i år fekk vi eit kort, det var Glittertind som var på framsida. Det er så fint eit kort ,Glittertind er optimisten han, seier Oddbjørg.

 Oddbjørg voks opp på garden Graffer,øvst i Vårdalen i Lom kommune. Dei var 7 sysken, og Oddbjørg var nr. 3 og ei av to jenter i ungeflokken.Faren Hans døydde i 1964, og mor Mari i 1996. 

Til vårs er Oddbjørg 95,fortsatt "klår", og bur heime på garden sonen Hans driv no Eg kjem til dekka bord, og ho har mykje på hjarta. Ho les Nationen kvar dag, itilegg til dei lokale avisane, og det vil ho fortsetja med. .

Som ho seier "e ha vårre mæ på ei voldsom utvikling", denne veka var ho på heimgarden og såg på roboten brorsonen Hans Martin har sett inn i det nye fjoset. Ho hugsar handmjølkinga, og frå det, via spann, til robot i løpet av berre "nokre" år er ein av tinga som ho tenkjer på. Og all biltrafikken. 

Når ho voks opp var det langt "på Berje", Fossbergom. Det var ikkje berre å "snerte" seg nordpå. Og det gjekk nok ofte lang tid mellom kvar gong dei var der. 

Sykkel er ein fin oppfinnels seier Oddbjørg. Det brukte dei mykje. Men Rådsbakken var bratt og på tur på Berje måtte dei passe seg så dei hadde bremser heile turen. Han var brattare og stuttare i lengde da enn nå, med 3 "nivå".Ser for meg at det var tungt å gå heim att og, men det trur eg ikkje Oddbjørg tenkte på. 

 

Same kva vi prata om i dag så hadde Oddbjørg vore med i det. Blant anna kom oss innpå Vassveiger,å da kjøm det kjapt frå Oddbjørg " Ja æ dæ någgå e æ gla får at åss fækk te mens e va mæ i styret i Heimbygdslaget så æ dæ at åss fækk låggå Vassveigbokje".  

Vassveigein var livsviktoge for å halde liv i gardane i Lom, og det var mykje arbeid med dei. Oddbjørg prata om gardar som måtte gå bratt opp kvar mårgå å "slå på" vatnet, og same turen om kvelden for å "slå det tå att".

Ordtak i Nord-dalen er "Vil Vårherre gje’ oss sol, ska’ oss sjølve skaffe væte".

Nordstrondsvassveigen er Loms lengste med sine 2 mil.

Nordstrondsvassvegen er Loms lengste med sine 2 mil.

 

Eg nemnde turen Fylkesstyret i Oppland Bondelag hadde blant  anna til Graffer hausten 2018 til Oddbjørg ,og at fleire av dei kommenterte timberet i kjerringstuggu. Det er så stort!

"Keill døm feinn dæ hæill tru lurte e på, nei dæ sku åss jeinne ha visst",svårrå ho Oddbjørg. Og kven andre enn Oddbjørg har ein artikkel i årets Årbok frå Gudbrandsdalen om akkurat det å bruke opp att timber ?! "I någre år ha e drivvi å studert oppattbruk tå timber.Blant einna at geithuset heime vart hytto åt to tå brørne mine".

Da oss var innom slektsgransking, og at "bygdabøken" er gull for meg, kven andre har vore med å laga dei enn Oddbjørg? "e va mæ te åss kåm på Berje men da håppa e tå. Kjænde kje så mykkjy fålk vestafor her e."

Oddbjørg er eit "oppkomme". Ho har  god hukommels, likar å fortelje og kjende mykje folk. For meg er ho BYGDEkvinna med positivt for tegn.