Hopp til hovedinnhold
Fortel om aktivitetane i 2019. Dei to blide damene Solvår Skogen Sæterbø og Torgunn Henden i Valsøyfjord Bygdekvinnelag. Her i samband med filminnspeling til norsktradisjonsmat.no. Foto: Jon Marius Nilsson/norsktradisjonsmat

Dei to blide damene Solvår Skogen Sæterbø og Torgunn Henden i Valsøyfjord Bygdekvinnelag. Her i samband med filminnspeling til norsktradisjonsmat.no. Foto: Jon Marius Nilsson/norsktradisjonsmat

Har du forslag til årets lokallag 2019?

Kanskje har ditt lokallag sjansen til å bli årets lokallag 2019? Send inn ditt forslag innan 20. februar 2020.

Norges Bygdekvinnelag kårar kvart år årets lokallag som får både heder, ære og prispremie på kroner 20 000,-. Kåringa er med på å vise fram den gode aktiviteten i regi av lokallaga, og vinnarane er ei inspirasjonskjelde og forbilde for andre Bygdekvinnelag.

Har du forslag til eit godt og aktivt lokallag?
Kven som helst kan foreslå både eige og andre lag som årets lokallag.

Send inn ditt forslag til fylkesstyret innan 20. februar 2020. Fylkesstyret vurderer kva lokallag som går vidare til den nasjonale kåringa. Årets lokallag vert kåra på Norges Bygdekvinnelag sitt Landsmøte i Bergen 5.-6. juni 2020. Husk å fylle inn forslagsskjemaet som ligg nederst i artikkelen.

Heddal Bygdekvinnelag vart årets lokallag 2018
Heddal Bygdekvinnelag var vart årets lokallag i 2018. Leiar i laget Vera Tinnes Solaas fortalde at dei er eit utadvent lag med mange opne møter. Ho sa vidare at dei har eit godt samarbeid med andre lokale aktørar i bygda. 

Glade Bygdekvinner frå Heddal under prisutdelinga på Bygdekvinnelagets inspirasjonsseminar i Trondheim. Foto: Helle Berger/Norges Bygdekvinnealg

– Vi er viktige kulturbærarar som ter tak i mange ulike oppgåver i lokalsamfunnet. Blant anna deltek vi og har eit sterkt engasjement for minoritetskvinner i samarbeid med mangfolds- og læringssenteret «Huset vårt» og vaksenopplæringa på Notodden, sa leiar i Heddal Bygdekvinnelag Vera Tinnes Solaas. 

Send inn skjema med forslag til Årets lokallag 2019
Send inn omtale og grunngjeving til ditt fylkeslag innan fristen 20.februar 2020.

skjema_for_arets_lokalllag.docx