Hopp til hovedinnhold
Tjukklefsa ‘na Johanne. Innsendt av Rennebu Bygdekvinnelag, ved Marit Gorsetbakk. Foto: Kaisa Tiivel.

Tjukklefsa ‘na Johanne. Innsendt av Rennebu Bygdekvinnelag, ved Marit Gorsetbakk. Foto: Kaisa Tiivel.

Hederlig omtale i konkurransen Norges beste lefse: Tjukklefsa 'na Johanne

Denne lefsa sel Rennebu Bygdekvinnelag om lag 2 000 stykk av dei tre dagane i august Rennebumartna’n står på.

½ liter seterrømme

½ liter kulturmjølk

½ kilo sukker

2 ts bakepulver

5 ts hornsalt (hjortetakk)

Oml. 1 kilo kveitemjøl

 

Bland alt i den rekkefølga som står. Kjevl ut og stikk ut runde lefser. Bruk gjerne rute/rillekjevle, og ha ei knestrømpe kring kjevla. Så legg ikkje deigen i så lett. Steik på takke.

Denne lefsa sel Rennebu Bygdekvinnelag om lag 2 000 stykk av dei tre dagane i august Rennebumartna’n står på. Oml. 800 er førehandssteikte og frosne, resten steiker vi der og da i bua vår på martna’n. Vi har alltid den lengste, blidaste og mest tålmodige køa, der kundane ser, og luktar, at lefsene deira blir kjevla og steikt. Vi plar seia at vil dei ha lefsene enno ferskare og meir kortreiste, kan dei kome inn i bua og kjevle dei sjølv.

 

(oppskriften fortsetter under bildet...)

   

Foto: Kaisa Tiivel.

Varm og nysteikt kan dei ete ho som ho er attåt kaffekopp, elles er det vanleg å ha på smør og sukker, sukker og kanel, sirup eller søt brunost.

Legg to lefser saman og skjær snippar.

Furkujnnmat!