Hopp til hovedinnhold
Føremålet med å invitere kun dei kvinnelege listetoppane eller kvinnene øvst på vallistene har vore å gje politikarane ein mjuk start i eit ufarle forum. Her frå valmøtet i 2015. Foto: Esther Moe, Suldalsposten.

Føremålet med å invitere kun dei kvinnelege listetoppane eller kvinnene øvst på vallistene har vore å gje politikarane ein mjuk start i eit ufarle forum. Her frå valmøtet i 2015. Foto: Esther Moe, Suldalsposten.

Her debatterar utelukkande kvinnelege politikarar

28. august inviterer Sand Bygdekvinnelag til valmøte med reint kvinnepanel. Her får dei kvinnelege listetoppane i kommunen mogelegheita til å fortelje kva dei meiner om bygdekvinnene sine kampsaker.

Valmøte med reine kvinnepanel er ein 20 år gamal tradisjon i Suldal. Før kvart kommuneval fyllast lokalet med 50 til 60 tilhøyrarar. Med stappfullt hus er stemninga god.

Grete Holmboe, tidlegare leiar i Sand Bygdekvinnelag, fortel at det er rom for smil og tårer i debatten. For fire år sidan gjekk det hardt for seg da samanslåing av legevaktordninga vart diskutert. Nokon gjekk til verbalt angrep på ein av politikarane, som difor tok til tårene.

– Det kan vere tøffe tak, men det er rom for å gje kvarandre ein klem etterpå, seier Holmboe. 

FØREBUR SPØRSMÅL

Det var Helga Møgedal i Sand Bygdekvinnelag som kom opp med ideen om å invitere dei kvinnelege listetoppane eller kvinnene øvst på vallistene. Føremålet har vore å gje politikarane ein mjuk start i eit ufarle forum.

På førehand har bygdekvinnelaget formulert spørsmål som sendast til dei politiske deltakarane, slik at de får førebudd seg.

Det er ein eigen komité som har forma spørsmåla og står for gjennomføringa av møtet. Debattmøtet er ope for alle og det kjem tilhøyrarar av begge kjønn. 

SENTRALISERING, JORDBRUKSPOLITIKK OG KVA VI ET

I år kjem offentleg kommunikasjon til å verte eit viktig tema for mange i Suldal, fortel Holmboe.

– Det er føreslått kraftige kutt i rutetilbodet for hurtigbåten. Hurtigbåten er ei livsnerve i samfunnet vårt. Ei nedskjæring i tilbodet om offentleg transport vil føre til ei utarming av oss som bur innst i fjordane. Det vil gå ut over pendling til vidaregående skule, arbeid, helsetenester og samkvem med omverda, seier Holmboe, som òg ser busstilbodet som ei utfordring.

Offentleg kommunikasjon kjem til å verte eit viktig tema i valkampen i Suldal. Foto: Grethe Holmboe.

Sentralisering, jordbrukspolitikk og kva vi et engasjerer òg folk i Ryfylke.

– Vi er opptekne av å ete mindre kjøt, samstundes skal vi hugse på at vi har mange rundt oss som produserer kjøt. Det er viktige arbeidsplassar, seier Holmboe.

Vi treng kvar einaste éin som vil busette seg i kommunen vår.

Mange flyktningar er vorte busette i kommunen. Bygdekvinnene ønskjer å løfte fram integreringspolitikken. Kva gir kommunen av norskopplæring til flyktningane, og kva slags arbeidsplassar får flyktningane tilbod om?

– Hadde det ikkje vore for dei nye landsmennene våre, ville innbyggjartalet gått drastisk ned. Vi treng kvar einaste éin som vil busette seg i kommunen vår. Om vi ikkje kan tilby dei arbeidsplassar, så fryktar eg at vi berre har dei til låns, seier Holmboe.

– Kva for råd vil du gje andre som ønskjer å invitere til kvinneleg debattpanel?

– Det er berre å setje i gong, det er ikkje vanskeleg. Toppolitikarane vil gjerne ut til folket for å syne seg fram under valkampen, men det er viktig å vere tidleg ute for å få tak i politikarar frå alle parti. Frist politikarane med at dei inviterast til møte med eit mer uformelt preg enn den vanlege partileiardebatten. Utform spørsmål til politikarane som vi bygdekvinner er opptekne av. Debattleiaren må vere engasjert og ha lese seg opp på tema som skal takast opp, og sørg for ei god tone.

 

I forkant av valget 2019 ønsker Norges Bygdekvinnelag å sette fokus på tre viktige tema:

  • For å opprettholde levende bygder utfordrer vi kommunene til å skape flere arbeidsplasser på bygda. Alt for mange unge utdanner seg ut av bygda, og kommer ikke tilbake når de skal begynne i jobb.
  • Vi vil at kommunene verner om dyrkbar mark og fortsatt bruker den til matproduksjon.
  • Vi vil kjempe for skolematen. Et gratis måltid hver dag til alle elever i den norske skolen kan være blant de viktigste tiltakene for folkehelse og sosial utjevning.

Her finner du valgpakken til Norges Bygdekvinnelag.