Streif på Moster
Laurdag 21 sep. reiste 7 damer frå Bjørgum bygdekvinnelag på streif til Moster.
Der starta me med fortelling og omvisning i Moster Gamle kyrkje. Turen gjekk vidare tilbake til Moster Amfi, der me fekk smaka på ein styrkedrikk. Og tatt tilbake 1000 år i tid, frå Heidendom og fram til kristendommen.
Til lunsj fekk me smaka på Tora Mostrastong sin kjærleikssuppe med kryddersmør og brød.
Etter mat kom Johanne Ø. Tveiten og fortalde om kystkvinnene. Etterpå fekk me gå rundt og sjå oss omkring, nokon tok turen ned i steinkjelleren og såg.