Tradisjonsmat over landegrensene
Tradisjonsretten Borsjtj frå Ukraina stod på menyen då damene frå JoinUs og Bygdekvinnene frå Gossen møttest for tredje gong for å lage mat saman dette året
Etter to flotte matlagingsdagar saman på våren, var det tid for å møtast i Bygdastauå til matlaging og sosialt fellesskap igjen! Lenge sidan siste JoinUs i mai, så det var stor gjensynsglede då 20 - 30 damer frå fleire ulike land møttest igjen i oktober til matlaging.
No begynner vi å bli godt kjente med kvarandre, så ikkje lenge før skravling og godt humør fylte Bygdastauå! Tydeleg at damene trivast i lag, og kva er vel betre enn å møtast for å lage mat!
Dagens meny var Borsjtj, ein ukrainsk tradisjonsrett, som vi også fekk vite står på Unescos verdsarvliste. Sjølsagt var det dei ukrainske damene som stilte med oppskrift, var instruktørar og tok ansvaret for dagens matlaging - med god hjelp av alle dei andre på dei 4 - 5 matlagingsgruppene.
Tydeleg var det også at dei ukrainske damene kunne sin nasjonalrett. Det gjekk ikke lenge før alle ingrediensane var på plass i gryta og ei deilig duft spreidde seg i rommet. Suppa vart aldeles nydeleg både i farge og smak. Her fekk vi både oppskrift og opplæring i korleis retten skal lagast, bli servert og korleis den skal spisast. Fantastisk!
Å utveksle matradisjonar på tvers av landegrensene er både spennande og lærerikt! Så kjekt at det var eit ønske frå dei ukrainske damene å få lov å bidra med Borsjtj frå heimlandet sitt, og så godt som det var! Dessutan er det ein fin måte å bli endå betre kjent med kvarandre på når vi deler med kvarandre frå kvar våre kulturar.
Neste gong blir det mat frå Syria. Då er det dei syriske damene som skal stå for matlaginga. Vi gler oss!