Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Velkommen til verden!
Kjempesunn - la oss plukke og ete meir!
Når vi inviterer heile bygda på frukost, møtast små og store.
Surdeigskurs på medlemsmøte
Kakebordet vårt
Lefsebakekurs
Lysvandring 2. søndag i advent - veldig koseleg!
2 av våre glimrande kurshaldarar
Pynte kyrkja-gjengen
Matsankekurs 2022
Lammerullkurs 2022
Møtemat; suppe og nystekt surdeigsbrød. Nydeleg!

Halvårsplan 2023

Ørskog Bygdekvinnelag er eit aktivt lag, og noko av det som gledar oss mest, er når vi får gjort noko kjekt for våre medbygdingar.
Vi har medlemsmøte ein gong i månaden, men vi legg alltid inn noko som også vil glede andre. I løpet av første halvår 2023 skal vi mellom anna vere med å stelle til lunsj til ungdomsskulen saman med Bondelaget og i mars inviterar vi igjen på bygdafrukost.

Medlemsmøta våre er alltid første onsdagen i månaden klokka 19.00, og møtestad er på koselege Gamlebanken.

Planen er heile tida under utvikling, så den vil endre seg etterkvart. Til dømes har vi ikkje lagt inn kursa enno.

  • 3. januar - Styremøte
  • 4. januar - Medlemsmøte
  • 25. januar - Skulelunsj
  • 31. januar - Styremøte
  • 1. februar - Medlemsmøte
  • 28. februar - Styremøte
  • 1. mars - Medlemsmøte
  • 8. mars - "Driftige damer", 8. mars-arrangement
  • 19. mars - Bygdafrukost
  • 19. mars - Trekkspelkonsert der vi står for kafeen
  • 27. mars - Styremøte
  • 29. mars - Medlemsmøte. Flytta ei veke fram grunna påska.
  • 22. april - 85-årsjubileum for Ørskog Bygdekvinnelag. Det må vi feire!
  • 24. april - Styremøte
  • 3. mai - Medlemsmøte
  • 7. juni - Sommaravslutning