Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik Bygdekvinnelag inviterte til flatbrødbaking

Tynt, sprøtt og godt kan stå som konklusjon etter flatbrødbakinga i eldhuset på Bråvoll.

To laurdagar no i mai har medlemmer i Kinsarvik bygdekvinnelag samlast til flatbrødbaking i eldhuset på Bråvoll.

Laget har hatt flatbrødkurs før, men enno fleire hadde lyst å læra seg dette. Interessa var så stor at deltakarane måtte fordelast på to dagar. Under kyndig leiing av Jorunn fekk 11 damer laga seg flatbrød til 17.mai.

Oppgåvene under bakinga gjekk på omgang slik at alle fekk prøva seg: laga emne, baka ut leiven ( i to omgangar - det var nytt for fleire at ein brukte to kjevle til dette, først eit til utbaking, og så eit tyngre for å få leiven så tynn som mogeleg). Så den viktige steikinga. Det vart steikt både på helle og elektrisk takke. Godt me har eit stort eldhus til disposisjon!

«Arbeidsdagen» var frå 0900 til 1400, og då hadde alle ein bra flatbrødbunke med heim.

Her kan du besøke den fine nettsida til Kinsarvik Bygdekvinnelag i Hordaland

 

3 kg samalt fin kveite

3 l lunka vatn ( kanskje litt mindre )

2 ts salt

Deigen kan lagast  ca 1t før steiking.

Til utbaking ei blanding av kveitemjøl og byggmjøl.

Det vert ca 50-60 leivar av denne mengda.