Supanesoppa   foto: Aud-Marit Netteland
Supanesoppa foto: Aud-Marit Netteland
Liv Spilde fortel om supanesoppa   foto: Aud-Marit
Liv Spilde fortel om supanesoppa foto: Aud-Marit
skil ostemasse og mysa   foto: Aud-Marit
skil ostemasse og mysa foto: Aud-Marit
rører inn mjøljevninga   foto: Aud-Marit
rører inn mjøljevninga foto: Aud-Marit
ein lydhøyrd forsamling    foto: Aud-Marit
ein lydhøyrd forsamling foto: Aud-Marit
heimelaga flatbrød    foto: Aud-Marit
heimelaga flatbrød foto: Aud-Marit
prikken over i`n: gamalost, sirup og fløyteost
prikken over i`n: gamalost, sirup og fløyteost
foto. Liv Spilde
foto: Liv Spilde
Dette smakte.. .foto: Liv Spilde
Dette smakte... foto: Liv Spilde
Heimelaga karamellpudding   foto: Aud-Marit
Heimelaga karamellpudding foto: Aud-Marit

Marsmøte med Supanesoppa på menyen

Supanesoppa - kvardagskost frå gamal, som no er festmat.

Onsdag 21.mars samla 26 damer seg rundt bordet på skulekjøkenet på Bjørgum skule for å høyre om, og ikkje minst få smake tradisjonsretten supanesoppa. Supanesoppa vart kåra til Voss sin matskatt under Smalahovesleppet. Etter det har det vore auka innteresse for å lære meir om retten. Liv Spilde fortalde om supanesoppa, at retten tidlegare vart mykje brukt om våren/somaren. Supanesoppa er laga på kjøtkraft av røykekjøt, flesk og korv. Kjøt, korv og flesk deler ein i små betar og har opp i panna at. I denne oppskrifta skal det vere både mysa, pote og mjøljevning. Nokon i laget vårt brukar ikkje pote og andre er ikkje vane med surt (mysa) i suppa. Dette viser at innanfor eit lokalt område kan det vere ulike oppskrifter på same retten. Liv fortalde vidare at mysa får du frå surmjølk som du vermer til den brest, då får du ein ostemasse og myse, og mysa skal i supanesoppa. Så tar ein i ein jamning av søtmjelk og byggmjøl, og dette skal koke til ei passe tjukk suppe. Ved severing:  bryt opp flatbrød i bitar og legg i tallerken, så supanesoppa og på toppen gamalost, brunost og sirup. Dette skal ikkje rørast inn, men ein tar litt av alt på skeia kvar gong ein et. 26 damer fekk servert supanesoppa, nokon for første gong, medan andre var meir vane. Spennande var det uansett og det såg ut for at maten fall i smak. Måltidet vart avslutta med nydeleg heimelaga karamellpudding , som Liv Spilde og Brynhild Tennebekk Bjørke hadde laga. Me fekk og tid til ulike lagsaker inn i mellom koking og eting av suppe. Flotte premiar var det til loddsalet med tydeleg preg av ei påskehøgtid rett rundt hjørna. Så det var mange nøgde bygdedamer som reiste heim med premie under armen, gode og mette og med lærdom om tradisjonsretten SUPANESOPPA.  Me i styret var og godt nøgde med å ha gjennomført møtet, og ikkje minst at me fekk to nye medlemmar denne kvelden !

SUPANESOPPA

Ordet supanesoppa er sett saman av to ord. Supan som tyder suppe kokt på kjøtkraft eller fiskekraft. Soppa tyder flatbrødbitar i mjølk. Supanesoppa er då flatbrødbitar i kjøtkraft.

Bli medlem