Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Klær klar til å skifte eigar.
Blomar til bordene
Damene klar til møte

Medlemsmøte med klesbyte

Tysdag 24..januar hadde Bjørgum bygdekvinnelag sitt 1.medlemsmøte i Solheim dette året.🌸
Sidan vinterveret var prega av nedbør og glatte vegar overalt, var det 12 damer som tok turen til Solheim.
Tema for medlemsmøte - Klesbytekveld. Det vart eit fullt klestativ, frå finkjole til kvardagsklede. Nokon fekk med seg "nye" klede heimatt.🌸
Leiaren vår, Liv Kolskår ynskte oss velkomen. Ho snakka om årsplanen vår for 2023 og me diskuterte litt opplegg for bakeveka, som skal vera i mars, kva me kan gjera betre.🌸

Til fylkesårsmøtet i Hordaland bygdekv.lag sender laget 2 utsendingar. Det er eit ynskje frå valnemda i fylkeslaget at me kan koma med namn på kandidatar til styret. Både leiar og nestleiar tek ikkje attval.
Matnemda hadde laga gode rundstykkjer og eplekake til matøkta.🌸
Innkoma etter kles - og loddsalet på møte går til eit kvinneprosjekt i Guatemala. Summen vart 2200 kroner.
Liv K snakka litt om dette prosjektet. Noregs bygdekvinnelag støttar Utviklingsfondet sitt arbeid med å styrkja grasrot - organisasjonar som AMMID i deira arbeid for likestilling, styrking av kvinnegrupper, der dei kan starta sine eigne verksemder. Bygdekvinnelaget har ein eigen bankkonto, der dei samlar inn pengar for å støtta kvinneprosjektet i Guatemala. ( kontonr. 93651867841)🌸
Sjølv om me var ein liten gjeng som kom i Solheim, vart det ei fin stund. Det er kjekt og samlast til ein prat, syngja litt, eta god mat og ser at våren vil gje oss kjekke stundar ilag, utifrå årsplanen.🌸

#bygdekvinner #gjenbruk #kvinnerhjelperkvinner #guatemalaprosjekt #norgesbugdekvinnelag #hordalandbygdekvinnelag