Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Torgdag på Gossen
Sep
16
Sat

Torgdag på Gossen

Tusenårsplassen v. kommunehuset, Gosssen sentrum
-

Velkomen til årets torgdag på Gossen!

På torgdagen vil du finne eit variert og godt utval av lokal og kortreist mat, så her ligg alt til rette for ein hyggeleg rusletur blant salsbodene og mykje god mat i handleposen! Kaffi og kaker kan vi også by på, for sjølsagt stiller Bygdekvinnene med sitt tradisjonsrike og bugnande kakebord!

Tradisjonen tru er det Gossen Musikkorps som opnar torgdagen med sine feiande tonar. Seinare blir det opptreden av Trio Julsundet frå Aukra kulturskole og Røaelva band. "Barnas telt" med lykkehjul, mysterieboks, leikar og aktivitetar høyrer også med, så litt av kvart for både små og store på årets torgdag! I tillegg slår vi eit slag for gjenbruk og inviterer vi til BAKLUKELOPPIS foran kommunehuset - sjå eigen plakat under! Der finn du og plakaten for torgdagen.  

Vel møtt til ein triveleg torgdag og sosialt samvær - også denne gongen på Tusenårsplassen i sentrum!

PS! Nytt av året er maskotten Balder, som vil dukke opp på torgplassen - spennande!

Se mindre

PLAKAT TORGDAGEN - TRYKK HER! PLAKAT BAKLUKELOPPIS - TRYKK HER!