Tradisjonsmat til jul!
Gossen Bygdekvinnelag inviterer også i år til sying av lammerull - ein årleg tradisjon når jula nærmar seg
Vi lagar lammerull i lag og lærer undervegs
Gossen Bygdekvinnelag inviterer deg til å lære deg å sy rull med oss - eit handverk vi bygdekvinner gjerne fører vidare!
Har du sydd lammerull før, er du så klart også velkomen. Vi er mange som har møttest kvart år for å sy rull i lag - ein fin tradisjon i førjulstida.
Dersom du ønsker å delta, må du kjøpe inn råstoffet du treng sjølv. Det enklaste er då å kjøpe ferdig lammerullråstoff - finst i frysedisken i dei fleste kolonialbutikkar. Då har du både slagside, kjøt til å ha inni rullen og nett til å ha rundt rullen. Krydder og det du elles treng av utstyr ordnar vi med.
Påmelding til: Kjellaug Urdshals, mobil 92640966 eller gossenbygdekvinnelag@gmail.com
Påmeldingsfrist: Måndag 10. november
Pris: Deltakarane deler på utgiftene til det vi kjøper inn.
Meir praktisk info kjem til dei som melder seg på.
Enkel servering - gløgg og peparkaker!
Vel møtt til ein triveleg førjulskveld i Bygdastauå!