Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

JoinUs og Gossen Bygdekvinnelag_Matlaging for kvinner

Alltid stas å møtast til matlaging og sosialt fellesskap

Stor gjensynsglede, latter og moro då Bygdekvinnene og damene frå JoinUs møttest til årets første matlagingskveld 2026 i i Bygdastauå

Kyllingtaco med tomatsalsa, mangosalsa og guacamole - alt laga frå botnen av og krydra med heimeblanda tacokrydder var på menyen denne kvelden.
Mangosalat på gang!Salat må vere med
KyllingtacoServert!Tacoshell

Dessert høyrer også med, alltid! Denne gongen iskrem med lune bjørnebær - ei fin avslutning på eit fantastisk måltid!

Dessert

At å møtast til matlaging og sosialt er triveleg, er det ingen tvil om! På desse kveldane er vi som regel 25 - 30 damer i Bygdastauå. Nye kjem til, men mange av desse damene har vore med oss lenge no. Sagt på ein annan måte - vi er ei fin samling av damer som etter kvart har lært kvarandre å kjenne og trivest godt i lag.

Matlagingskveldane er eit samarbeid mellom stiftelsen JoinUs og Gossen Bygdekvinnelag for å lage møteplassar, bli kjent og føle seg inkludert i lokalsamfunnet. Alle skal kjenne at dei høyrer til!
https://www.stiftelsenjoinus.no

Ein flott gjeng damer

Ein fin gjeng damer frå Gossen Bygdekvinnelag er gode å ha med på laget når det er matlagingøskveldar