Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Fint samarbeid

Fint å få litt hjelp!

Woksaus

Litt lime må til i woksausen!

Saus til woken

Blir god woksaus dette!

Klappekake

Spennande å lage klappekaker! Denne blir nok bra!

Klappekaker

Fint samarbeid her!

Røstikaker

Godt å ha ei bygdekvinne som hjelpar når røstikakene skal steikast!

Etter litt opplæring går det fint å steike røstikaken sjøl.

Og så lagar vi fine røstikaker sjøl!

For ein flott buffe det vart til slutt!

Kvelden som starta så fint nokre timar før vart ein fantastisk kveld for oss alle!

Her var det tommelen opp! Tryllewok, røstikaker, eplemost og klappekaker smakte kjempegodt!

Eplepressing og trylling med restar - fjerde og siste del av prosjekt Nøysam

Matsvinn var tema då 24 speidarar i alderen 8–13 år frå Aukra Speidargruppe, speidarleiarar, foreldre og bygdekvinner møttest siste måndagen i oktober 2025

Det var stor aktivitet både i grillhytta, på kjøkenet og i rommet der eplepressinga var på Klippen, speidarane sin tilhaldsstad,  denne kvelden.

Speidarane fekk lære korleis restar frå grønsakskuffa kan tryllast inn i eit nytt, godt måltid og korleis både poteter, osterestar og mjøl som vi alltid har i huset lett kan bli til enkle, billege og gode rettar. Dei fekk også lage nydeleg eplemost  - ein flott måte å ta vare på alle epla frå hagen heime 🍎🍎🍎

TryllewokTryllewok

Små og store på same groupWok

Alle fekk vere med på alt – her gjekk speidarane frå stasjon til stasjon til flinke bygdekvinner som stod og venta på dei, og du verden så flinke og interesserte speidarane var! Små og store på same gruppe. Alle samarbeidde og hjelpte kvarandre - vi er så imponerte over kor flinke og ivrege alle var!

Raspe poteter til røstikakerSteike røstikaker

KlappekakerKlappekaker

EplepressingEplepressing

Spennande og god Tryllewok med både grønnsaker, eple, litt kyllingbitar og nudlar, mjuke og fristande klappekaker, sprø og gode røstipotet og nydeleg eplemost - kjempegodt alt i hop. Her var det i alle fall berre blide ungar og tommelen opp då vi til slutt samlast inne i storsalen på Klippen for å smake på alt som var laga.

Tommelen opp - maten smakte kjempegodt!Tommelen opp - maten smakte kjempegodt!

TryllewokRøstikakerKlappekaker

Kvelden handla om matsvin og korleis ta vare på og utnytte restar og det vi har i huset i nye rettar. Berekraftig, og ikkje minst enkel og lettlaga mat - også til inspirasjon for komande speidarturar med matlaging på bålpanna! 

MYkje god mat av restar og enkle ingrediensarMykje godt å smake på!

For bygdekvinnene vart dette ei fantastisk oppleving saman med speidarane på Gossen og ei flott avslutning på Prosjekt Nøysom - eit prosjekt om å dyrke sjøl, reparere og fikse kleda våre, bruke kjemikaliefrie vaskemiddel og korleis unngå matsvinn. Alt for ei meir berkraftig framtid!

Bygdekvinnene

Takk til Norges Bygdekvinnelag for prosjekt Nøysom - eit prosjekt som har gitt oss bygdekvinner mange flotte opplevingar saman med både små og store i lokalsamfunnet vårt!