Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

JoinUs og Gossen Bygdekvinnelag_Matlaging for kvinner

Matlaging for kvinner 19. april 2025

JouinUs og Gossen Bygdekvinnelag med norsk tradisjonsmat på menyen

For andre gong denne våren møttest damer frå ulike delar av verda til matlaging for kvinner i Bygdastauå på Gossen - eit flott og inkluderande samarbeid mellom Gossen Bygdekvinnelag og Stiftelsen JoinUs. Denne gongen var det norsk tradisjonsmat som stod på menyen.

Under kyndig rettleiing av dyktige bygdekvinner trylla våre utanlandske venner fram nydeleg riskrem med jordbærsaus til. På menyen stod også kjøtsuppe kokt på god kraft og med byggryn i - som seg hør og bør i den ekte tradisjonsmaten kjøttsuppe er 🌺🌿🌼🎼

RiskremRiskrem

Så klart vi hadde oppskrift på riskrem, men ein god kokk må også kunne smake seg fram til korleis ein god riskrem og ein god saus skal smake! Jordbær, litt vatn, litt sitron, passe mengde melis og nokre runder i hurtigmixaren blir ein nydeleg saus! 

Med så mange "prøvesmakarar" gjekk det kjempegreit, og det var einstemmig - dette vart verkeleg nydeleg godt! At råvarene til sausen var norske jordbær frå Valldalen - kjøpt frå frysedisken i butikken gjorde nok også sitt til at resultat vart så vellukka! 

Randi og Kjellaug, som var læremeistrar, skjøna fort at desserten fall i smak, og at det var viktig å få med oppskrifta heim!
JordbærsausSmaksprøve

RiskremFerdig dessert

Solfrid, Eli og Rigmor var damene som viste våre nye venner korleis ei god, gammaldags kjøtsuppe skal lagast. Dei kunne og fortelje interesserte lyttarar om bruken av det norske kornet bygg, om kjøtet som er brukt i suppa, om koking av kraft og om alle dei gode grønsakene som gjer suppa så god.

Her høyrer det også med til infoen frå bygdekvinnene at kjøtsuppe kan kokast på mange typer kjøt - ofte av det kjøtet ein har mest tilgjengeleg. 
BygdekvinnerKjøtsuppe

Ved bordetDenne matlagingskvelden føyde seg fint inn i rekka av flotte kvelder vi har hatt i lag med damene i JoinUs-gjengen, så på nytt ein kveld som vekte begeistring over nye rettar og ny matkunnskap. 

Det er inkluderande og kjempetrivelig å møtast for å lære av kvarandre og lage mat saman. Som regel er vi mellom 25 - 30 damer som møtest frå gong til gong, og det beste av alt - no begynner vi verkeleg å kjenne kvarandre:) 

To av JoinUs sine leiarar, Lise og Anna, er også alltid med på matlagingskveldane. Det er dei som køyrer rundt på øya, hentar mange av damene og køyrer dei heim att når kvelden er slutt. Imponerande tiltak!

Neste gongen vi møtest no blir til hausten, og det gler vi oss til!  

No ønsker vi alle ein riktig god sommar 🌺🌿🌼🎼