Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Matlaging i fargerikt fellesskap

Gossen Bygdekvinnelag og Stiftelsen JoinUs med felles prosjekt for inkludering og trivsel i bygda.

MATLAGING FOR KVINNER🌺🌿🌸🎼

Gossen bygdekvinnelag i samarbeid med Stiftelsen JoinUs inviterte måndag denne veka for andre gong kvinner i alle aldrar til matlaging i Bygdastauå. Første møtet med matlaging som tema var i mars. Då var det steikt laks med mangosalat som stod på menyen, samt vaflar med rømme og syltetøy til dessert.

Denne gongen bestod menyen av fiskeburgarar laga heilt fra grunnen av med masse godt tilbehør og dressing. Til dessert var det fruktsalat med yoghurtkrem. 

Fiskeburger Slik skal det gjerast!

Med fire matlagingsgrupper godt lagt til rette av Bygdekvinnene var alt klart til matlaging då damene kom. Med stor entusiasme og utruleg flinke og lærenemme damer gjekk det difor fort å trylle fram nydelege fiskeburgarar og ein deilig dessert på kort tid.  Også denne kvelden vart det både kjempegod mat og ein kjempetriveleg kveld. Å gjere noko i lag er ein fin måte å bli kjent på og eit fint bidrag til inkludering - gjensidig kjekt for oss alle🌸 
Tilbehør til burgaren

Torsken vi brukte var fiska i havet rett utanfor Gossen av mannskapet på fiskebåten Ragnhild Kristine. Så tusen takk til Orten fiskeriselskap AS som spanderte torsken til  fiskeburgerane vi laga denne kvelden!

Til info: Matlaging er ein av aktivitetene når JoinUs inviterer til eit inkluderande fellesskap for å bli kjent og skape tilhøyrigheit i lokalmiljøet. Andre aktivitetar kan t. d. vere svømming, yoga eller formingsaktivitetar - eit tilbod som går kvar veke gjennom heile året.

Gossen Bygdekvinnelag summerer opp nok ein fin kveld saman med JoinUs! Matlaging og godt humør knyter kvinner saman!

Bygdekvinnene