Forteljarkveld med Trygve Brandal
OBS - dato er endra til 16. september
Trygve Brandal fortel om "Profilar i det gamle Hjelmelandsamfunnet"
Hjelmeland Bygdekvinnelag inviterer til forteljarkveld på Spinneriet.
I år har me fått med oss Trygve Brandal til å fortelje.
Trygve bur no på Hjelmeland. Tidlegare budde dei på og dreiv garden i Ytre Eiane der kona kjem frå.
Han er tatt utdanning innan historie og har vore med å skrive mange bøker med lokalt innhald, gardssoger - gardar og folk, for Hjelmeland og Fister, og er nå leiar i bygdeboknemnda for ny bygdebok for Årdal. Han har bla og vore med å skrive boka "Prestavegen" saman med Arne Kleppa.
Tema denne kvelden er profilar i det gamle Hjelmelandssamfunnet.
Gratis for medlemmar, kr 50,- for dei som ikkje er medlem.
Velkomen