Kurs i sponkorgfletting
Kurs i sponkorgfletting
Fredag 21. juni, Spinneriet
Kurshalder: Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø
Kurset er satt opp i samarbeid med Hjelmeland bygdemuseum sin sommarutstilling `Korger&Fletting` som opnes etter kurset, kl. 15.00
Bli med på kurs med kurvmaker Hege Iren Aasdal og Samson Øvstebø.
Fletting av tradisjonelle korger av høvla furuspon.
Furuspon har tradisjonelt vore mykje brukt til korger, og spon har vore delt for hand og høvla med høvel. Deltakarane får lage to sponkorger, ei skråfletta og ei paralellfletta korg. Samt at ein får prøve å høvle spon.
Pris: Inkl. Kaffi og lunsj (ekskl. materialkostnad)
kr 500 for medlemmer i Hjelmeland Bygdekvinnelag, kr 750 for ikkje-medlemmer
Materialkostnad: kr 300 (betal til kurslærar på kurset), Maks 10 deltakarar
Påmelding: på epost til post@fossane.no eller på telefon til Janneke 91 11 29, eller fyll ut skjema på denne siden: fossane.no/kurs
OBS Etter kurset, kl. 15.00, blir det opning av sommar-utstillingen på Spinneriet: Korger & Flettverk.