Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

60 møtte fram
god mat frå matkomiteen
flotte buketter blei det
flotte buketter blei det

Påskemøte


Onsdag 6. april 2022 hadde Bygdekvinnelaget påskemøte på Spinneriet. 

60 kvinner i alle aldrar møtte fram til påskemøte på Spinneriet.

Liv Vadla Hausken hadde samla med seg sjølvhenta planter og kvister fra naturen, fra hagen, og fra blomsterbutikken, i tillegg til korger og skåler, påskekyllinger og egg.

Dette laga ho ein mengde fine påskedekorasjonar av, samtidig som ho gav oss mange gode tips undervegs om kva ein på ein enkel måte kunne bruka når ein sjølv lagar dekorasjonar.

Alle desse vart lodda ut etterpå.

Det var ein eigen matkomite som sørgde for ein svært velsmakande kveldsmat og nydelege kaker etterpå.