Hyen bygdekvinnelag er med å skape ei levande bygd!
4. november gjennomførte Hyen bygdekvinnelag årsmøtet sitt i Kleppeneset med underhaldning, allsong og storslagen kveldsmat. Laget kunne sjå attende på nok eit innhaldsrikt år:
Før jul i fjor hadde vi ein triveleg førjulskveld i Kleppeneset der Tystad Blomster viste ulike dekorasjonar. Vi arrangerte julegrantenning med skule og korps, og inviterte til førjulskafé og mini-julemesse. Midt i februar hadde vi temakveld med “Årets Gloppar 2023”, Evangeline Sessford frå Upscale. I slutten av februar arrangerte vi hyggjekveld på Løkjatunet og 4. mars møtte 52 damer frå Hyen, Nesjane og Gloppen bygdekvinnelag opp til fellesmøte i Kleppeneset med lysbildeforedrag av Cecilie Lyslo om turen til Guatemala i samband med Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt der. Barnehagen i Hyen fekk vere med på kringlebaking 7. mars, og i slutten av mars gjekk den store kompardagen av stabelen, også denne gong med stor suksess. Vi hadde heldigvis flytta arrangementet til gymsalen, for det kom folk frå fjern og nær og ville smake.
For andre år på rad arrangerte vi takkebakstkurs på Nesholmen, denne gong fiskebrød og lefse. Blomstermøtet i Eimhjella i slutten av april samla 30 personar, og styra i alle fire Gloppe-laga hadde fellesmøte 7. mai på Gloppebua med informasjon frå sentralt om prosjektet Nøysam. Saman med spelemannslaget arrangerte vi fest om kvelden 17. mai og om lag 100 personar fekk oppleve eit variert program og eit ivrig dansegolv. 5. juni hadde vi felles busstur med pensjonistlaget til Vågsberget, der Annette Holme viste rundt, før turen gjekk vidare til Ulvesund fyr og Sølvi Hopland. 10. juni arrangerte styret tur for Løkjatunet m.fl. på oppdrag av Aud og Olav Hjortesets alminnelige stiftelse. Turen inkluderte omvisning i gamle Gimmestad kyrkje og middag på Gloppen hotell.
Elles har vi sponsa foredrag om psykisk helse for ungdomsskulen i Hyen og 9. trinn på Gloppen ungdomsskule, arrangert rømegrautkafé på Nesholmen i Friluftshelga, hatt soppkurs, og stått for smørbrød og kaker då Fredrik Hope og Marthe Aa presenterte prosjektet Hyemusikk, først på Løkjatunet og deretter i Kleppeneset. Nøysam-prosjektet vårt med skulen hadde “Nytting av bær og frukt” som tema, og vi har vore representerte på distriktsårsmøte, regionsmøte og “Kvinnestreif”.
I det komande året vil vi blant anna halde fram med komparkaféen, blomstermøtet og det gode samarbeidet med spelemannslaget, pensjonistlaget og Løkjatunet. Styret etter årsmøtet er leiar Sølvi Espeland Hope, Judit Aa, Liv Holme og Eli Johanne Mjellem, medan Kirsti Meyer Hope, Aslaug Ommedal og Gerd Lilloe Olsen er varamedlemmer.
Hyen Bygdekvinnelag