Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Bygdafrukost


Ørskog Bygdekvinnelag planlegg å invitere til bygdafrukost. Og dette har vi gjort før, må vite.

Første gongen vi gjorde dette, var i 1999, og då vart det svært positivt motteke med fullt hus og god stemning!

Det var fint skiver den dagen, og nokre kom i turklede og gjekk straka vegen ut i løypa etterpå. Alle aldersgrupper var representert, og det vonar vi at det vil vere denne gongen også. Alle velkomne!

Vi byr på fersk bygdekvinne-bakst, deilig pålegg, kaffi og anna drikke som høyrer med til ein god søndagsfrukost.

 

På bilete

Ser du nokon du kjenner? Bilete var på trykk i Bygdebladet etter eine fellesfrukosten vi hadde i 1999. 

Frå venstre ser du: Jorunn Vestre, Målfrid Sjåstad, Synnøve Viseth, Harriet Listhaug, Berta Erstad, Ingeborg Røyrhus, Ingrid Sæter, Ragnhild Giskemo, Åse Reite og Liv Sjøholt. Fleire av desse damene har vore med i laget i ei årrekke.

Frukostgjesten er Anne Berit Hove Amdam.