Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Besøk hos Ystepikene på Varhaug


28. september, etter fleire utsettingar, reiste ni (9) damer til Varhaug etter arbeidstid. Målet var Ystepikene.

Siri Rasmussen Lea tok engasjert imot, og fortalde om oppstarten av ysteriet og jobben med å utvikla produkta. Dei tek utgangspunkt i kortreiste råvarer, som eiga mjølk og tare plukka nedanfor beitet. 

Det er ho og døtrene som i utgangspunktet var ystepikene, men nå er fleire ''piker'' med. Ektemannen leverer mjølk og heile familien kan trø til om det trengs.

Handelen gjekk ivrig i butikken etterpå, der ein får kjøpt mange ulike ostar frå Ystepikene, samt olje, honning, poteter, syltetøy og keramikk, alt produsert lokalt på Jæren.

Det var ein triveleg tur i nydeleg ver, som var avslutta med ein matbit på Mor sin på Ålgård