Bruk heile dyret-aksjonen 2020
Bruk heile dyret
Velkomen!
Bruk heile dyret
Full konsentrasjon!
Bruk heile dyret
Bruk heile dyret
Litt hjelp til oppdeling av sidene til pinnekjøt trengs
Bruk heile dyret
Hardt arbeid
Bruk heile dyret
Lammecarré
Bruk heile dyret
Bruk heile dyret
Bruk heile dyret
Ferdig middagslammerull med spinat
Bruk heile dyret
Norske grønsaker høyrer med!
Bruk heile dyret
Heile dyret er brukt!
Bruk heile dyret
Klargjort middagsrull av lam
Bruk heile dyret
Klargjort lammecarré

Bruk heile dyret - på Sinnes skule

Første dag etter haustferien fekk elevane ei grundig innføring i partering av lam, delar på dyret og kva dei kan bruksstruktur og korleis av Stian Espedal. Det var Sirdal bygdekvinnelag og Sinnes skule som stod for arrangementet i samband med verdas matvaredag og aksjonen Bruk heile dyret.

Det var ein interessert gjeng som lytta til slaktaren som nett fekk landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2019 - utdelt i Sirdal i Vest-Agder. Stian Espedal delte opp, laga til ulike middagsforslag og fortalde korleis me kunna nytta dei ulike kjøttstykka. Elevane frå 1.-7. klasse var engasjerte, og 6. klasse fekk med seg både fårikålkjøtt, kraftbein og kjøttdeigsingrediensar til bruk i mat & helse-timane framover. Dette lammet var frå Bjerkreim, og har truleg vore på  sommarbeite i Sirdal, så kortreist kan me vel òg kalla det.

Dei andre porsjonspakningane og kjøttstykka vart lodda ut blant bygdekvinner og tilsette på skulen, og nokon hadde lam på menyen same dag, medan andre la gevinsten i fryseboksen til nærare jul. Det vart både lammelår, bog, pinnekjøtt, lammerull til pålegg og middag, karre, skank, sadel og mørbrad og litt til. Og ein handfull avkapp som kan kokast kraft på om ein ikkje vil kasta anna enn eit par kjertlar... Her blir verkeleg heile dyret brukt!

På verdas matvaredag 16. oktober vil 6. klasse ved Sinnes skule og bygdekvinnelaget laga lammegryte med rotgrønsakeretter oppskrift av Harald Osa og dela ut smaksprøvar til medelevar og lærarar.

 

Bruk heile dyret og verdas matvaredag 16. oktober

Tradisjonelt har nordmenn tatt i bruk fleire delar av dyret, men etter som færre bur på gard, og heller ikkje slaktar sjølve, er me ikkje lenger så medvitne på kva delar av dyret me et, eller korleis ein lagar slik mat. Bygdekvinnelaget vil løfta fram oldemor sitt prinsipp om at alt som kunne brukast til mat, vart nytta. 

I desse dagar har lam og sau nett blitt henta ned frå beite. Sau og lam gjev oss både mat på bordet, varme klede og unikt kulturlandskap. På verdas matvaredag 16. oktober vil me setjafokus på lam og verdien av å nytta eigne ressursar. 

Å ha ein nasjonal matproduksjon med høg sjølvforsyning er solidarisk ovanfor andre land. Me skal alle bidra til å innfri SN sitt mål om å utrydda svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremja bærekraftig landbruk innan 2030. Då må alle land ta ansvar for å nytta deira naturgjevne føresetnaderdei har til å produsera mat i eige land. 

I Noreg er heile 45% av landet utmarksbeite. Her kan me ikkje dyrka grønsaker og korn, men drøvtyggarane våre kan gjeragras og plantar om til næringsrik mat for oss menneske, samstundes som dei held ved like kulturlandskapet vårt. Lokal matproduksjon er viktig verdiskaping og gjev oss lokale arbeidsplassar. Det er òg bra for miljøet sidan kortreist og klimatilpassa mat bidreg til å senka klimautsleppa i landbruket. 

Den norske matkulturen er nettopp tufta på bruk av dei lokale ressursane. Formødrene våre åt ikkje så mykje kjøt, men dei nytta alt dei kunne bruka av dyret. Mat som blod, tunge og margbein til kraftkoking var ein naturleg del av kosthaldet. Tidsklemma og halvfabrikata har endra matkulturen vår, og i dag finn me mest filetar og kjøttdeig i matbutikkane.

Bygdekvinnelaget meiner tradisjonell matkunnskap  og bruk av råvarer er viktig kunnskap for framtida. Skal me få til eit berekraftig samfunn må me utnytta matressursane betre enn i dag. Og, for å anerkjenna verdien av dyret, ressursbruken og arbeidet som ligg bak maten, er det fornuftig å nytta heile dyret.

Å nytte dyret frå hovud til hale kan gje inspirasjon til å læra meir om både kosthald, matproduksjon og matlaging. På kjøpet får du smakfull og næringsrik mat, og nye spennande rettar. Som forbrukar bør du spørja etter fleire stykningsdelar i butikken. (Noregs bygdekvinnelag)

Verdas matvaredag skal skape oppmerksomhet rundt behovet for å skaffe tilstrekkelig og næringsrik mat til alle. 

690 millioner mennesker, eller om lag 9 prosent av verdens befolkning, er rammet av sult. Hvert år dør nærmere 3 millioner barn under 5 år som følge av sult eller sult-relaterte årsaker. Nesten 2 milliarder mennesker opplever i perioder manglende matsikkerhet (https://www.fn.no/om-fn/fn-dager/kalender/verdens-matvaredag)

Bli medlem