Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekaker
Jordeplekake

Jordeplekakekurs 18.03.21


Bygdekvinnelaget ser verdien i å ta vare på tradisjonar, og 18. mars var det nytt kurs i å laga jordeplekaker, eller potetkaker, som nokon kallar det.

Anette har god plass i Bakkehuset, så der samla åtte damer seg for å laga jordeplekaker. To av dei interesserte vart like godt medlem i SBK for å få vera med! Det må gjerne fleire gjera.

Det blei ein fin kveld med ny kunnskap, for Anette er ein god formidlar, avslappa og hyggeleg samtale, og sjølvsagt kaffi og jordeplekaker på bordet, før ein gjekk heim.

Eigentleg skulle resultatet vore servert på basaren dagen etter, men den har blitt  utsett, så då fekk alle med seg kaker heim. Om ein åt dei med smør og sukker som tradisjonen seier, eller om det blei brunost, Nøtte eller noko heilt anna, fortel ikkje historia noko om. Det kan til og med vera at nokon frys kakene ned til påska er her...