Hopp til hovedinnhold

Vats Bygdekvinnelag

Elisabeth og Jorun

Kristin og Liv

Lokallagsamling 2021


Me var med på Lokallagsamling!

Tri spenstige damer, Kristin, Elisabeth og Liv tok turen til Scandic i Haugesund, for å verta med på lokallagsamling for Bygdekvinner.

Me fekk noko å bite i, og vart ønskt velkommen av Marianne, distriktsleiaren.

Etter det fortalde Jorunn(leiar i Noregs Bygdekvinnelag) om norsk lokal produsert mat , og kor viktig det er å etterspørja den i butikkane.

OmCider fekk me smake på eplecider ifra Ryfylkefjorden og høyre korleis dei starta opp, og kva slags betyding navna på ciderane hadde. Slo godt ann, i både mage og hovud.

Jubileumsmiddag var blåskjellsuppe til forrett, stekt and med rotgrønnsaker som hovudrett og krema catalana til dessert, eller krema kattemat som nokon og høyrde. Seinare på kvelden vart det god stemning og makarena dans i baren!

Neste dag starta med jysla god frukost og veldig underholdane prolog om likestilling som Margrete Tytlansvik las. 

Bygdekvinner deler matgleder, og god idémyldring til eventuelt nytt prosjekt i 2022.

Organisasjonskurs og nettkurs fekk me lukta litt på. Spennande å teste ut nettside der ein kan prøve å samle alt som skjer på ein plass.

Til middag vart det rumpebiff med kål, potet og pure. Dronning Maud til dessert, og sjølvsagt jubileumskake litt seinare.

Kjekke helg med kjekke damer!