Hopp til hovedinnhold
Suldalslefsa. Innsendt av Inger Apeland. Foto: Kaisa Tiivel

Suldalslefsa. Innsendt av Inger Apeland. Foto: Kaisa Tiivel.

Vinner av konkurransen Norges beste lefser: Suldalslefsa

Eit smykke på eit festbord.

Suldalslefser var det søster til mor som tok seg av. Oletta Roalkvam var viden kjend for dei gode lefsene sine.

Oppskrifta frå mor

Oppskrifta hadde ho etter mor si som var fødd i 1885. Kor besta hadde fått oppskrifta frå er der ingen som veit, men for ei tid tilbake fekk eg eit utdrag frå ei vise. Der vart det stilt spørsmål «om der ikkje var jenter i Suldal, sidan suldalsgutane kom til Vinje og fôr med  jentene deira.»

Lefse på frierferd

For fem år sidan var eg i Vinje og kom i snakk med ei eldre dame. Det vart lefseprat. Ho kalla det Kling, me kallar det  Suldalslefse, men oppskriftene var nesten identiske. Har ungkonene frå Vinje som kom til Suldal fått oppskrifta her  i dalen og teke den med seg på ein heimtur til Vinje eller hadde dei oppskrifta med seg i forklelomma då dei flytte til Suldal? Det er ingenting å diskutera, men me to som treftest i Vinje  var einige om at lefsene våre vart uvanleg gode.

Attskapa lefsa

Når tante Oletta kom til oss og skulle baka Suldalslefser til jul hadde ho ikkje oppskrift, men ho tok utgangspunkt i ein liter mjølk og rundt ein kopp smør. Dette kokte ho opp og slo det kokande over kveitemjølet. I mjølet hadde ho tilsett ein liten neve med sukker. Når ho slo den kokande mjølke-/smørblandinga over mjølet, så skolda ho mjølet og aktiverte glutenet i kveitemjølet. Dette med mjøl til passe deig var uaktuelt her, men Oletta hadde det så i hendene at det passa akkurat. Det var fantastisk  å sjå på. For meg som ikkje hadde det «i hendene» var det berre ein ting å gjera. Eg tok med meg uopna pakker med kveitemjøl, smør og sukker. Eg fekk Oletta til å lage deigen, og fôr heim og vog resten som var att. Ut i frå det kunne eg lage ei nøyaktig oppskrift.

Oppskrifta på Suldalslefse er over 100 år og er ei viktig brikke  i matkulturen vår. Difor deler eg den gjerne. 

Venleg helsing,  Inger Apeland,  Suldalsosen.

12 stk.

5 dl h-mjølk

125 gram blanding smør/margarin

Kok opp

 

500 gram kveitemjøl

 4 ss sukker

Sikt mjølet og bland i sukker

 

Kok opp mjølk/margarin og slå det kokande over mjølet. Rør det raskt saman og kna deigen på bordet i 5 til 10 minutt. Del deigen i 12 emne. Trill til runde, sprekkfrie bollar. Legg dei på eit fat, strø mjøl under og over. Dekk med handkle og plast, og set det kaldt. Du kan byrje å kjevle når emna er kalde, eller så kan dei stå til neste dag. Ikkje la dei stå for kaldt, då vert dei tunge å kjevle ut.

Set takka på 1 (av 3) eller 5 (av 10) før du byrjar. Kjevla på papirmal, 46 centimeter i diameter. Du kan også klippe ut mal i voksduk og bake på baksida. Trykk emnet flatt, strø 2 spiseskjeer mjøl under og over. Kjevle ut til 30 centimeter og snu leiven.  «Rist» på malen så du er sikker på at leiven ikkje heng fast.  Strø litt meir mjøl på før og etter at du snur den.

Leiven vert lett tynn i midten og tjukkare rundt kanten. Når det er att 2,5 centimeter til du har kjevla ut leiven, gjer du slik: Kjevle dei 10 til 12 ytterste centimeterane av leiven ut mot kanten. Kjevle mot deg, snu på malen hele tida. Ei «runde» er som regel nok. Altso: Den siste «runda» kjevlast ikkje frå midten, berre dei 10 til 12 ytterste centimeterane. Då får du ei jamn tjukk eller tynn leiv som er 46 centimeter. Legg leiven på takka i cirka eitt minutt. Legg den på papir. No er du ferdig med fyrste trinn.

Skru opp varmen på takka. Legg leiven utpå, dusja med vatn, og la den liggje til den er «tørr» - det går fort. No kan leivane liggje til dei er kalde (legge eit klede over), eller du kan gå vidare med det same.

Visp saman:

4 til 5 egg 2 ss vatn Evt. gul konditorfarge Sil blandinga. Smør blandinga på eine sida av leiven, legg den på takka med eggeblandinga opp. Når den er stivna, snur du den. OBS! Dei brune prikkane kjem fort.

Smør leivane med:

500 gram meierismør 1/2 pakke melis (ev. fint sukker) Bruk langpanna når du bløyter dei. Legg leivane  i klede og dekk med plast. Dei vert fort mjuke, i alle fall om du smør dei dagen etter baking.

 

PS! Møllerens mjøl eignar seg best i denne samanhengen.