Hopp til hovedinnhold
Lær å ta vare på kleda dine

Lær å ta vare på kleda dine

Naturleg såpe og reingjering

Naturleg såpe og reingjering

Dyrk mat i eigen hage og balkong

Dyrk mat i eigen hage og balkong

Tips til mindre matsvinn

Tips til mindre matsvinn

Bygdekvinnelaget inviterer til Grøn veke – eit berekraftig alternativ til Black Week!

Del dine beste og mest nøysame tips for å redusere forbruket under Grøn veke 25. til 29. november.

Med utgangspunkt i Bygdekvinnelaget sitt prosjekt Nøysom ønskjer vi å utfordre forbrukskulturen rundt Black Week og heller setje fokus på miljøvennlege val. Grøn veke skal få oss til å tenkje på om vi verkeleg treng det vi har lyst til å kjøpe- sjølv om det er på sal.

Del dine grøne tips!
Korleis kan du og ditt bygdekvinnelag bidra til ein meir berekraftig kvardag? Bruk emneknaggane #nøysom #grønveke #grønnuke #norgesbygdekvinnelag og del dine beste tips i sosiale media. Saman kan vi inspirere kvarandre til gode og varige vanar!

Tema frå Nøysom – del tips og oppskrifter:

  1. Miljøvennleg og kjemikaliefri heim
    Små grep i heimen kan gjere stor skilnad! Har du bytt til miljøvennlege reingjeringsmiddel, redusert plastforbruket, eller funne smarte måtar å gjenbruke ting på? Del dine beste tips for ein grønare heim – til dømes heimelaga såpe, plastfrie alternativ, eller oppskrifter på naturlege reingjeringsmiddel.
  2. Dyrk sjølv
    Har du ein kjøkkenhage eller kanskje nokre urter i vindauget? Del dine erfaringar og vis korleis det å dyrke sjølv kan vere både berekraftig og gjevande.
  3. Berekraftig matforbruk
    La oss bruke opp restane og tenkje sesongbasert! Kva er dine favorittoppskrifter for å bruke restar frå kjøleskapet?
  4. Redusert forbruk og gjenbruk
    Tenk nøysamt – kva kan reparerast, delast eller bytast? Kanskje syr du gamle klede om til gåveposar eller du har funne andre kreative måtar å bruke gamle klede på eller gjenbruke ting i heimen? Del dine beste tips for å redusere forbruket.

    ar ditt lag lyst til å ha aktivitetar under grøn veke? Kva med å invitere til:

    • Byttekveld der alle tek med to fine plagg ein ikkje brukar lenger. Eller kva med å samarbeide med andre lokale organisasjonar for å få til ein vinterutstyr-marknad. 
    • Matkurs der deltakarane lærer å bruke restar og det dei har i kjøleskapet.
    • Invitere til skogstur der ein kan plukke med seg konglar og kvist til å lage julekrans. 
    • Inviter til sy- og strikkekveld på biblioteket. 
    • Lag julegåver saman. Det kan vere julepynt, strikkaklutar, såper eller julekaker.

    Les meir om Nøysom her!

    Del gjerne plakatane vi har lagt ved nederst i saka på Facebook og på Instagram. 

    Vi trur at små endringar kan gje store ringverknader for miljøet. Bli med på Grøn veke, og la oss saman setje fokus på gode, grøne val. 

     

    Tenk nøysamt
    Grøn veke handlar om å bremse overforbruket og heller tenke nøysamt. I Bygdekvinnelaget sitt prosjekt Nøysom ønskjer vi å inspirere og gjere det lettare for folk å ta fleire miljøvenlege val i kvardagen. Når vi deler tips om gjenbruk, matsvinn, reparasjon med kvarandre kan vi saman gjere små endringar i kvardagen som kan gjere stor skilnad for miljøet.

    Norges Bygdekvinnelag sitt prosjekt Nøysom skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag. 

    Nøysom sine tema: 
    1) Matsvinn
    2) Dyrk sjølv
    3) Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
    4) Kva er det lurt å kunne lage og reparere sjølv

    Lær å ta vare på kleda dine_plakat til sosiale media Naturleg såpe og reingjering_plakat til sosiale media Dyrk mat i egen hage og balkong_plakat til sosiale media Tips til mindre matsvinn_plakat til sosiale media Strikkeoppskrift- bygdekvinnekluten