Mat til alle i ei uroleg verd
Kjem du? Påmelding seinast 25. august!
Rogaland Landbrukspark inviterer til konferansen “Mat til alle i ei uroleg verd” 1. september 2025 kl. 09.30-15.00 i Tysværtunet kulturhus.
Konferansen tar for seg Rogalands rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd.
Me får kunnskap om
- Korleis andre land arbeider målretta med beredskap og matproduksjon.
- Korleis sikra forsyningslinjene og råvaretilgangen.
- Korleis gjera oss mindre avhengige av kritiske råvarer frå utlandet.
- Vår rolle som matprodusent i urolege tider
Verda er uroleg. Landbruket skal levera mat til det norske folket. Me treng løfta blikket, og arbeida målretta for å vera førebudde på, og rigga til endringar, som kan koma. Både forsyningslinjene, matprodusentane og distribusjonskanalane treng kunnskap og innsikt for å vera robuste og leveringsdyktige. Politikarane må gi rammebetingelsar. Er dei villige til det?
Me inviterer landbruket og anna nærings- og samfunnsliv, kunnskapsinstitusjonar, finansinstitusjonar, offentleg tilsette, politikarar og andre interesserte til ein konferanse som skal gi oss ny kunnskap.