Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Bygdekvinner deler matglede

Mål; Fremje matkunnskap, matglede og matkultur i matfylket Rogaland

Prosjektet Bygdekvinner deler matglede starta i 2019. Dette kunne gjennomførast ved hjelp av Gjensidigestiftelsen som ga kr 1.221.995. Ut av 29 lokallag i Rogaland blei 9 lokallag med. Dette er Lund-, Bjerkreim-,Varhaug-,Sandnes-, Sola-, Tysvær-, Imsland-, Vats-, og Skjold bygdekvinnelag. Dessutan blei Rogaland bygdeungdomslag med. Dette utgjorde 10 delprosjekt når ein reknar med Rogaland Bygdekvinnelag som har det overordna ansvaret.

Prosjektarbeid er tidkrevande og det har vore mykje arbeid for dei laga som har vore med i tre år, men det var samstundes utviklande, samlande og lærerikt. Prosjektet har styrka samarbeidet internt i eigen organisasjon, vektlagt samarbeidet med andre gode krefter lokalt for å fremje matglede og matkunnskap i heile fylket.

Prosjektet har vore ein suksess. Alle laga fullførte. Dei har fått masse nye kunnskaper innanfor drift av prosjekt og det har vore eit godt samarbeid med Gjensidigestiftelsen. Tillitsvalde og administrasjonen i Gjensidige har gitt god støtte og stilt opp både digitalt og fysisk på møter. Dei kom med god råd og veiledning undervegs. Dei viste god forståing for korleis frivillige lag arbeider og ga oss bedre tid på prosjektet på grunn av pandemien.

 

Kjøkkenhage. Sandnes Bygdekvinnelag

Kjøkkenhage/Sandnes Bygdekvinnelag

Imsland-,Skjold-,Tysvær- og Vats bygdekvinnelag

Imsland-,Skjold-,Tysvær- og Vats bygdekvinnelag