Distriktsårsmøte 2025
Årsmøtet er hevet og planer lagt for nytt år i distriktsstyret. Ingrid Haugstad Håland og Ann Karin Hammer har sagt seg villige til et nytt år ved roret, takker for tilliten og gleder seg til å ta fatt på nye oppgaver. Med seg har de den beste gjengen av styremedlemmer. Bruk oss hvis dere trenger hjelp og støtte, og nøl ikke med å ta kontakt. E-post: rogaland.bygdekvinnelag@gmail.com.
Vertslagene Skjold og Imsland bygdekvinnelag ønsket oss velkomne på Aiden by Best Western Haugesund med flott pynta lokale. Ordføreren i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, gjorde det same med god kjennskap til bygdekvinnelaget og ein informativ presentasjon om kommunen og næringslivet.
Leiar Ingrid Haugstad Håland halde velkomsttale før årsmøtet vart opna av ordstyrar Bjørg Seldal og varaordstyrar Astrid Hammersmark. Me gjekk rett over til å høyra om aktuelle saker frå Noregs bygdekvinnelag ved Monika Frisvold Vågan, og det var litt tid til å stilla spørsmål. Alle i salen veit nå at me finn organisasjonsbiblioteket på bygdekvinnelaget.no, og der finn me både valpakke 2025 og friluftsglede & inkludering. Her finn me òg organisasjonsskulen og Norsk tradisjonsmat. Bruk begge to, og du får til og med forslag til vekesmeny kvar veke på sistnemnde.
Mari Søyland frå hovedkomiteen til Landsstevne 2026, fortalde om landsstemnet Rogaland bygdeungdomslag skal arrangera på Øksnavad vgs. sommaren 2026, og vonar å få dugnadshjelp frå bygdekvinnene. Elles vart det ei kort påminning om rapportering etter lokallagsårsmøtet til Noregs bygdekvinnelag og distriktslaget, samt litt om årsmeldingar. De finn mange årsmeldingar i ei eiga fane på denne sida.
Dermed var første dag over, og me var klare for Imsland og Skjold sin festkveld. Det vart mykje god drøs, god mat, allsong og underhaldning ved Solveig Hortmann, og me fekk verkeleg brukt lattermusklane og andre musklar i løpet av kvelden!
Opning av årsmøtet med alle formalitetar innleia dag to, før leiaren sin tale ved Ann Karin Hammer. I generaldebatten bør ein bruka sjansen til å seia kva me ynskjer og meiner, oppfordra Malin frå Rogaland bygdeungdomslag. Det gjorde mange, og var innom lokalmat, kva NBK er, beredskapslager, NBK sine prosjekt, mat & dyrking, kjøtt og grønsaker på glas, inkludering, støttemedlemskap, 80+, økonomi, julekalender, jordvern, å vera synlege og å vera stolte medlem av bygdekvinnelaget.
Det var tre innkomne saker, der to var revidering av retningsliner av godtgjersle ved besøk frå distriktsstyret og til lokallagssamlingar, samt forslag til struktur og samansetjing av distriktsstyret i Rogaland. Vidare var det val (sjå under) og ordet fritt. Anna F. Mæland Grønning ynskte alle velkomne på møte og arrangement i Helleland bygdekvinnelag. Følg med på Facebook og ev. på heimesida til fleire lokallag for å følgja med på kva som vert arrangert. Æresmedlemmet vårt, Myrthel Grødem, fortalde om si tid i bonde- og bygdekvinnelaget, og oppfordra alle til å vera aktive. Ho såg tilbake på alle moglegheitene og opplevingane engasjementet hennar hadde ført til, og slo fast at bygdekvinner er priviligerte.
Det vart to fine dagar med gjester, ordstyrar med assistent og skrivar, 49 stemmeføre delegatar, gode måltid og god drøs. Tusen takk for eit godt gjennomført årsmøte!
Fleire bilete kjem!
Distriktsstyret 2025-2026
Leiarar:
Ingrid Haugstad Håland (sone 2)
Ann Karin Hammer (sone 1)
Styremedlem:
Anne Kristine Lilleskog Andersen (sone 5)
Rita Aase Austvoll (sone 3)
Åse-Berit Fidjeland (sone 1)
Valborg Sanddal (sone 4)
Astrid Skretting (sone 2)
Varamedlem:
1. vara: Anne Margrethe Myhre (sone 4)
2. vara: Liv Siqveland Borgersen (sone 3)
3. vara: Kristin O. Skare (sone 5)