Distriktsårsmøtet 2026
Fire lokallag i Suldal inviterte til årsmøte på Nesflaten, og starta allereie fredag ettermiddag med kveldsmat, dvs. med villsaugryte. Det sette stemninga for helga! Ikkje fordi det vart så vilt, men lokalt og kortreist. I tillegg fekk me historia til hotellet frå Geir Grung sitt oppdrag for Hydro til nybygg av dottera Tai Grung for Energihotellet levande formidla av Gunhild Moe Lindseth.
Kulturinnslaget engasjerte alle, med håp om fred og samhandling, då me lærte korleis me skulle bretta traner etter tradisjonell, japansk modell. Det blei nok laga mest 100 traner - med hjelp frå Linda Liem og ein av servitørane.
Laurdag 14. mars var alle delegatar tidleg ute til registrering på Øvre Suldal samfunnshus, og dei fem bygdekvinnene i arrangør- komiteen frå Erdal, Sand, Suldal og Ropeidhalvøya ynskte oss velkomne med flott pynta lokale og bokmerke til kvar enkelt. Leiarane i Rogaland bygdekvinnelag, Ingrid Haugstad Håland og Ann Karin Hammer, helste til årsmøtet og delte ut ei påskjøning til Klepp bygdekvinnelag for prosentvis størst medlemsauke i året som var gått. Nokon som vil ta opp konkurransen?
Marit Green Tymczuk i Norges bygdekvinnelag snakka om året som har gått med m.a. tildeling av Det norske måltid sin hederspris for formidling av norsk mat, prosjekta Nøysom og Friluftsglede og inkludering. 2026 er totalberedskapsåret, og Marit snakka om distriktslaget si rolle her, NBK som beredskapsorganisasjon, landsmøtet i Drammen med føremålsparagraf og strategi mot 2030 og korleis me som kvinner kan engasjera oss i kvinner sine rettar i utviklingsland. Ho minna òg på at me kan søkja Studieforbundet kultur og tradisjon og andre om støtte til kurs og prosjekt, og oppfordra til meir offensive bygdekvinnelag og til meir bidrag på nettsidene. "Vi er i farta og får ting gjort!"
Kommunedirektør Siri Halvorsen ønska oss velkomne til Suldal, og la vekt på frivillig arbeid og samarbeid, der kaffi og mat har eit stort fokus. Suldal tar godt vare på nye folk. Etter henne kom Tor Inge Havrevoll for å fortelja om historien til Hydro og Nesflaten frå karjolvei frå Sand til Osen på 1800-tallet til dampbåt på Suldalsvatnet, handelshus og tre hotell. Fallrettane blei kjøpte allereie i 1905, før Hydro bygde kraftleidningar, hovudsakleg for aluminiumsproduksjon på Karmøy. Det blei bygd fleire dammar fra 1965 til 1967, og nå har Lyse konsesjon til evig tid. Det var aktivitet i Kilen frå 1965 til 2002, då Statnett kjøpte og alt er organisert frå Rjukan. Han såg med andre ord både langt bak i tid og kva som er planlagt framover av Lyse Kraft DA.
Og så vart årsmøtet erklært opna av ordstyrar Solveg Marie Ådneram! Då var det tid for leiaren sin tale ved Ann Karin Hammer, sjå vedlegg, før ordet vart fritt. Der var ein innom sonemøte, nyttige valnemndskurs, pensjonsrettar for kvinner, oppfølging av kvinner etter barsel, norsktradisjonsmat.no, jordvern, samarbeid med bondelaget, beredskap og song som kulturarv. I tillegg vart det etterlyst ein styreperm for lokallaga, opptak av webinara til Norges bygdekvinnelag og lengre frist for påmelding til distriktsårsmøtet.
Apropos beredskap: Har du tenkt på at "Når du legger deg om kvelden, er temperaturen rundt 20 minusgrader, med orkan styrke i vindkastene og tett snøfall. Tidlig neste morgen våkner du opp til strømbrudd, og siden vannforsyningen din avhenger av en pumpe, har du heller ikke tilgang til vann. Tensio informerer om at det kan ta flere dager før strømmen blir gjenopprettet. Du står opp til en iskald morgen. Hvordan vil du håndtere de første 12 timene?" Kva har me eigentleg heime som beredskap? Det var ein del som var godt førebudde, men under øvinga der du skulle setja deg ned når du ikkje hadde ulike ting på beredskapslista, var det fleire som hadde sett seg ned halvvegs nede på lista...
Etter lunsj, med røye frå Suldalsvatnet, gjekk me laus på årsmøtesakene, og dei kan du etter kvart lesa meir om i protokollen frå årsmøtet. Det hadde vore ein innhaldsrik rak, og nokon "lufta hovudet" med tur til Juvo, nytt utkikkspunkt ikkje langt frå Kilen, medan andre fekk brukt litt pengar på All Verdas gåver og bruksting eller slappa av med spøt ved (gull)peisen.
Festkvelden vart innleia med diktlesing før me fekk møre kotelettar frå kortreist kje etterfølgt av hotellet sin eigenkomponerte kulturmelkspudding. Innimellom vart det shetlandske slåttar på fele ved Mark Laurenson, før det var trekning av premiar på loddsalet. Me hadde visst kjøpt litt lite lodd, for det vart auksjon på dei loddbøkene som var att. Auksjonariusane Nils Bjarne Vold og Reidar Sandal laga mykje lått og løye, både då og under vising og trekking av gevinstane. Heldigvis vann nokre på auksjonslodda sine!
Sundag starta årsmøtet med morgonstund med lange tankar ved Anne Kristine L. Andersen, før kvart lokallag var blitt utfordra til å seia litt om korleis dei arbeidde. Me burde ikkje ha utsett oppstarten, for det er mykje og god aktivitet i laga som ein vil fortelja om, og plutseleg fekk me litt lite tid til val, takk til arrangørane og helsingar før lunsj og heimreise. Me kom for seint til kjøttbollene av kalv og kje, men hotellet hadde takla det fint, og me fekk varm og god mat.
Tusen takk til alle involverte og spesielt til arrangørlaga Erfjord, Ropeidhalvøya, Sand og Suldal for eit vel gjennomført årsmøte!