Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Distriktsårsmøte Rogaland bygdekvinnelag

Innkalling til årsmøte 21.-22.03.25

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Rogaland bygdekvinnelag 21. og 22. mars 2025.

Vertskap for festen fredag kveld er Skjold bygdekvinnelag og Imsland bygdekvinnelag.

Elles viser ein til vedtektene for fylkesårsmøtet. Sakliste og program, samt årsmelding  og rekneskap, vert sende direkte til utsendingane to (2) veker før årsmøtet. Sakspapira blir  sende elektronisk til dei e-postadressene som er på påmeldinga. Papirkopi blir levert ut  på årsmøtet.

Årsmøtesakene er på laurdag, slik at du får med sjølve årsmøtet om du ikkje har høve til å  møta fredag. 

Me bed om at påmelding med namn og adresse vert gjort seinast innan 28. februar  2025 via lenka i vedlegget til e-posten alle lokallagsleiarane har fått, for lenka i sjølve skjermbrevteksten er det dessverre noko feil med. Det er sjølvsagt greitt å melda seg på i god tid før fristen òg. Kan ikkje ditt lokallag  koma, set me stor pris på å bli informert om det.

Velkomen!

Innkalling distriktsårsmøte 2025