Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Rogalandsbenken
Landsmøte
Landsmøte
Ålesund
Ålesund

Landsmøtet 2024 i Ålesund

Noregs bygdekvinnelag gjennomførde landsmøte i Ålesund 7.-8. juni 2024.

Rogaland bygdekvinnelag kunne delta med åtte (8) delegatar, og mest heile styret var med. Dessverre kunne ikkje den eine leiaren, Ingrid Haugstad Håland, delta, men då blei observatøren frå Sirdal bygdekvinnelag delegat i staden.

Ann Karin Hammer (bakerst på biletet) halde orden på Rogalandsgjengen. Elles var Anne Kristine Lilleskog Andersen, Astrid Skretting, Åse-Berit Fidjeland, Tone Østtveit Kvinen og Siri Elisabeth Skagestad med.

Landsmøte 2024 i Ålesund starta fredag kl. 12.00. Delegatane frå Rogaland var på plass, og gleda seg til å oppleva sakene (sjå nedst) og stundene med alle desse flotte bygdekvinnene. Me mangla som sagt Ingrid Haugstad Håland, men ho vart oppdatert digitalt heile helga.

Ordstyrarane, den eine frå Rogaland og Varhaug, losa oss trygt gjennom begge landsmøtedagane, som vart opna av varaordførar i Ålesund, Monika Molvær (H), og Liv Borghild Hildre frå vertskapet Møre og Romsdal bygdekvinnelag. Vidare var det leiaren, Jorun Henriksen, sin tale, landsmøtesaker og generaldebatt før dagen vart avslutta med festmiddag og kulturkveld.

Under festmiddagen vart det både lått og løye ved revyartisten og komikaren Anita Nyhagen og viser og folketoner frå Vaffeltausene, glede og begeistring då Gossen bygdekvinnelag vart årets lokallag og mykje god mat og drikke. Tusen takk til Møre og Romsdal bygdekvinnelag!  

Dag to fortsette med handsaming av saker, og Tone Østtveit Kvinen fronta saka om ei tredeling av kontingenten, saman med Buskerud og Aust-Agder bygdekvinnelag. Trass god førebuing og engasjement frå talarstolen, fekk me dessverre ikkje gjennomslag for saka denne gongen, men me står på vidare!

Undervegs vart finalistane i StrikkUng40 presenterte med heftig musikk og dans, og dei tre vinnarane av bygdekvinnegenseren, bygdekvinnehua og open klasse kåra. Etter kvart finn de mønster til alle vinnarane på heimesida til Noregs bygdekvinnelag.

Landsmøtesakene vart avslutta med val av nytt styre fram mot 2026, og me gler oss til å bli betre kjende med gjengen og leiar Anne Irene Myhr. Vår eigen Solveig Marie Ådneram er 3. vararepresentant i styret.

Alle var samde om at det var veldig kjekt og lærerikt å delta på landsmøtet, og me fekk sett litt av Ålesund by, og hatt ein fin, om enn vindfull, tur til Giske kirke og Alnes fyr. Giske kommune består av fire øyer, Vigra, Valderøya, Giske og Godøy. Me køyrde gjennom dei kjende undersjøiske tunellane, først ut til Ellingsøy og så til Valderøya. Tunellen er 4222 m lang, går 137 meter under havet og med ei stigning på 8 prosent.  Etter guida tur i fyrmeisterbustaden og til toppen av fyret, vart det middag og underhaldning på Alnes brygge med flott sjøutsikt.

Saksliste

  • Sak 1 Åpning
  • Sak 2 Navneopprop
  • Sak 3 Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Sak 4 Valg av to representanter til å underskrive protokollen
  • Sak 5 Godkjenning av kjøreregler for landsmøte
  • Sak 6 Valg av resolusjonskomité
  • Sak 7 Leders tale
  • Sak 8 Årsmelding 2022 og 2023
  • Sak 9 Aktivitetsregnskap og styrets beretning for 2022 og 2023
  • Sak 10 Generaldebatt
  • Sak 11 Organisasjonsstrukturen i Norges Bygdekvinnelag
  • Sak 12 Innkomne saker               
    • a) Kontingent Buskerud Bygdekvinnelag
    • b) Kontingent Rogaland Bygdekvinnelag
    • c) Kontingent Aust-Agder Bygdekvinnelag
    • d) Kontingent Østfold Bygdekvinnelag
    • e) Kontingent Hordaland Bygdekvinnelag
    • f) Formålsparagrafen Hordaland Bygdekvinnelag                  Formålsparagrafen Oppland Bygdekvinnelag (vedtektsendring)*                  Makstid for styremedlemer Telemark Bygdekvinnelag (vedtektsendring)*         Nestleder velges for to år Troms Bygdekvinnelag (vedtektsendring)*
  • Sak 13 Norges Bygdekvinnelags arbeidsplan 2025-2026
  • Sak 14 Resolusjoner fra landsmøtet
  • Sak 15 Modernisering av formålsparagrafen til Norges Bygdekvinnelag
  • Sak 16 Vedtektsendringer           
    • a) §1 Organisasjonens sitt formål
    • b) §4 Organisasjon
    • c) §5e Landsmøte/årsmøte
    • d) §5f Landsmøte/årsmøte
    • e) §6g Landsmøtes/årsmøtets gjøremål
    • f) §6g 1. Landsmøte/årsmøte gjøremål
  • Sak 17 Rammebudsjett for 2025 og 2026
  • Sak 18 Valg og fastsettelse av godtgjørelser

      * Behandles under sak 16 Vedtektsendringer