Nordlandslefse   foto: Kaia Tiivel
Nordlandslefser foto: Kaia Tiivel
Nekabrød   foto: Aud-Marit Netteland
Nekabrød foto: Aud-Marit Netteland
Randi og randi lærar kunsten å laga Vossakling av Liv Spilde   foto: Aud-Marit Netteland
Randi og Randi lærar kunsten å laga Vossakling av Liv Spilde foto: Aud-Marit Netteland
bakeinstruktørar i Vossakling: Olaug Folkedal, Signe Helgaset Røthe og Liv Spilde  foto: Aud-Marit Netteland
Bakeinstruktørar i Vossakling: Olaug Folkedal, Signe Helgaset Røthe og Liv Spilde foto: Aud-Marit Netteland
i full sving med å laga nekabrød til Vossakling  foto: Liv Spilde
I full sving med å laga nekabrød til Vossakling foto: Liv Spilde
Nekabrød   foto: Aud-Marit Netteland
Nekabrød foto: Aud-Marit Netteland
Ferdig påsmurd kling  foto: Aud-Marit Netteland
Ferdig påsmurd kling foto: Aud-Marit Netteland
Ferdig steikte flatbrød  foto: Aud-Marit Netteland
Ferdig steikte flatbrød foto: Aud-Marit Netteland
opplæring i korleis steikja flatbrød  foto: Aud-Marit Netteland
Opplæring i korleis steikja flatbrød foto; Aud-Marit Netteland
4H medlemane lærte raskt å laga runde og fine leivar  foto: Aud-Marit Netteland
4H medlemane lærte fort å laga runde og fine leivar foto: Aud-Marit Netteland
Bakeveka og flatbrødlaging. Her går det unna med steikjing på to takker.  foto: Randi S. Fenne
Bakeveka og flatbrødbaking. Her går det unna med steikjing på to takker. foto: Randi S. Fenne
Flatbrødsteikjing med 4H  foto: Aud-Marit Netteland
Flatbrødsteikjing med 4H foto: Aud-Marit Netteland
Brita lærar Oddveig kunsten å laga krotakaker  foto: Liv Spilde.
Brita lærar Oddveig kunsten å laga krotakaker foto: Liv Spilde
Reidun smørjar kling for første gong   foto: Liv Spilde
Reidun smørjar kling for første gong. foto: Liv Spilde
Flatbrødgjengen  foto: Liv Spilde
Flatbrødgjengen foto: Liv Spilde
Varm lunsj til kursdeltakarane  foto: Liv Spilde
Varm lunsj til kursdeltakarane foto: Liv Spilde
Mor og datter nyttar fridag til flatbrødbaking  foto: Liv Spilde
Mor og datter nyttar fridag til flatbrødbaking foto: Liv Spilde
Neking av nekabrød til Vossakling  foto: Liv Spilde
Neking av nekabrød til Vossakling foto: Liv Spilde
Maria har fått taket på krotakakebaking  foto: Liv Spilde
Maria har fått taket på krotakakebaking foto: Liv Spilde
Utveksling av bakeerfaring på Vossakling-kurset  foto: Aud-Marit Netteland
Utveksling av bakeerfaring på Vossakling-kurset
Brynhild og Liv - to erfarne bakstedeier
Brynhild og Liv - to erfarne bakstedeier
4H-gjengen lærar å laga brimlefse  foto: Liv Marion S. Grønås
4H-gjengen lærar å laga brimlefse foto: Liv Marion S. Grønås
Ferske medlemar på kurs i krotakaker og nordlandslefser  foto: Liv Spilde
Ferske medlemar på kurs i krotakaker og nordlandslefser foto: Liv Spilde

I ei heil veke til endes har små og store svinga kjevler og laga tradisjonsbakst.

Mattradisjonar er kulturarv - gjennom 4 ulike kurs har 34 born og vaksne lært tradisjonsbakst i Solheim ungdomshus hjå erfarne bakstedamer.

I år som tidlegare år laga me til ulike bakekurs. Nytt i år er antall kurs og at me har innlemma dei i konseptet Tradisjonsmatskulen. Tradisjon og tradisjonsforvalting er me i Bjørgum Bygdekvinnelag opptatt av. Å ta vare på ulike baketeknikkar og oppskrifter har me dreve med i mange år. Til slutt såg me behovet for å systematisera og samla kunnskapen i form av ulike kurs og etter kvart med å skriva ned oppskrifter og framgangsmåtar.

Første kurs ut i kursrekka vår var Vossakling. Seks damer med ulik bakeerfaring kom saman lørdag 30.mars, og tre instruktørar tok dei vel i mot og lærde dei kunsten å laga kling. Å få god og vellukka kling krev kunnskap og erfaring. Først skal ein baka ut emne til ein leiv (brød) og steikja, så skal ein neka brødet med ein blanding av mjølk og egg og steikja leiven ein gong til. Når dette er gjort, skal ein bløyta og smørja nekabrødet med eit fyll av fløytemysost, sirup, brunt sukker, prim, egg, mjølk og mjøl. Kling er festmat. Det vert laga til barnedåp og bryllaup, men kan sjølvsagt og brukast til andre høgtidsstunder.

Neste kursdag, 31.mars, fekk 8 ivrige kursdeltakarar innføring og opplæring i å baka krotakaker og nordlandslefser. Krotakaker er store lefseliknande kaker med mønster laga av krotakjevle. Kakene er tradisjonelle lefser frå Voss og Hardanger og kan brukast til både søtt og salt pålegg. Lefsene bakar ein ut på same vis som flatbrød og dei kan serverast både bløytte og harde. Nordlandslefser er mindre og tjukkare lefser, og kalla nordlandskaker. Dei kan ein servera med smør, sukker og kanel eller brunost på. På dette kurset fekk kursdeltakarane laga mykje god kaffimat å ta med heim. På slutten av kursdagen vart det tid til prøvesmaking og ein kopp kaffi. Tilbakemeldinga var at dette smaka godt.

Tredje kursdag hadde me invitert medlemar frå 4H-klubben i grenda Bjørgum. Tolv unge, både aspirantar og juniorar, kom til Solheim Ungdomshus med forkleet under armen og var klare til flatbrødbaking. Nokon hadde baka litt frå før og for andre var det første gong dei tok i eit flatbrødkjevle, men dei lærde fort. Snart "trylla" dei fram den eine runde leiven etter den andre. Dei byta på å kjevla og steikja flatbrød slik at alle fekk prøva seg på dei ulike teknikkane. På slutten av kurset fekk alle laga ei brimlefse. Frå gamalt av var brimlefse særleg brukt i bakstepriodar, og vart steikt om kvelden etter ein lang bakstedag. Når ein lagar brimlefse steikjer ein først ein flatbrødleiv på eine sida, snur leiven og har på pannekakerøra, så tar ein på steikt korv og flesk. Til slutt brettar ein leiven inn frå alle sider til eit kvadrat/rektangel. No er brimlefsa klar til servering, gjerne med ein klatt rømme til. Me dekka langbordet og avslutta kurset med brimlefse og raud saft til. 4H-gjengen og bakeinstruktørane var godt nøgde med innsatsen og brimlefsa fall i god smak. Kursdeltakarane fekk tildelt kvar sitt diplom for innsatsen og bevis på deltaking i tradisjonsmatskulen. Dei fekk og med seg heim kvar sin pose med sjølvlaga flatbrød. Nokon vart henta av foreldre medan andre sykla heim med flatbrød på sykkelstyret, og lika stolt var dei alle saman.

Fjerdet og siste kurset i rekka var anislefser. Oppskrifta på anislefsa kjem opprinneleg frå Nord-Hordaland. Dette er ei festlefse med mykje smak Kunsten å laga anislefser vart formidla vidare til 8 ivrige kursdeltakarar. Dei fekk prøva seg på å laga og baka ut emne og på å bløyta og smørja på lefsene med eit fyll av meirerismør, rømme og melis, smaka til med vaniljesukker og kanel. Me avslutta kurset med drøs rundt bordet og ein god kopp kaffi til nysmurde lefser. Stemniga var på topp og lefsene fekk bein å gå på... 

Inn i mellom alle kursa har medlemar og andre baka både tidleg og seint i Solheim. For andre året på rad lånte me Solheim for ei heil veke. Det var mange som nytta på og baka ulik tradisjonsbakst. Så no er det mange som har litt godt heimelaga på lur til påske. Me er heldige som har eit flott ungdomshus i grenda vår, som me får bruka til bakeaktivitetar. No tar me ein velfortjent påskeferie. Etter påske skal me laga rømmegraut på ulike måtar den 24.april. Då vert det og lansering av oppskriftsheftet "Tradisjonsmat" me har jobba med det siste året.

Tradisjonsmat

Mykje av det som me tenkjer som tradisjonsmat, og som me gjerne nyttar som festmat, var vanleg kvardagskost tidlegare. Kunnskapen om råvarene og tillaging av mat var kunnskap som vart overført frå generasjon til generasjon. Dette var handbåren kunnskap som ofte kvinnene hadde ansvar for. Etter kvart som samfunnet vart meir moderne, og me fekk kjøpt ferdig mat i butiken, vart ein del av denne kunnskapen gløymt. Å ha fokus på tradisjonsmat er eit ledd i å ta vare på og formidla vidare denne kunnskapen. Bygdekvinner tek vare på og formidlar vidare kulturarv innan mat og handtverk. I 2018 fekk Bygdekvinnelaget tildelt UNESCO-status som matekspertar.

Bli medlem