Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Sep
22
Thu

Ullkveld

Spinneriet
-

 

I år er det 1150 år sidan det sagnomsuste slaget i Hafrsfjord, der Harald Hårfagre vann og blei Norges første rikskonge.

Alle bygdekvinnelag har fått invitasjon til å vera med å laga ullklutar på same vis som seglskipa bruka under slaget i Hafrsfjord.

Dei var laga av spunne ull på handtein og vevd på Opstadvev.

Alle desse innsamla klutane skal sys saman til eit segl av Sola bygdekvinnelag.

 

Hjelmeland bygdekvinnelag, med Janneth Ur Nessa og Synnøve Strøm, inviterer til ein samling på Spinneriet torsdag 22. september 2022, kl. 18.00.

Det vert også matservering

Deltakarane vil få høve til å prøva seg på karing, spinning på handtein og veving dersom dei ynskjer (eller sjå på når dette blir gjort).

Me trur dett vil vera interessant å få kjennskap til denne gamle handverkstradisjonen!

Vel møtt!

 

Les mer om Rikssamlingsjubileet 

Og om jubileets ullprosjekt