Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Program haust 2022, Hjelmeland Bygdekvinnelag

Haustprogram 2022 Hjelmeland Bygdekvinnelag

Haustprogram 2022

Haustprogrammet 2022 for Hjelmeland bygdekvinnelag

2. – 4. 09. Ryfest

Bygdekvinnelaget lagar kveldsmat fredag kveld og sørger for mat laurdag og søndag morgen til utstillarane.

Det vert seld vaflar og kaffi på Spinneriet laurdag og søndag.

 

Torsdag 22.09. Ullkveld på Spinneriet, kl.18.00 NB tidspunkt

På dette møtet vil me få hjelp av Janneth Ur Nessa,Vilde Riveland og Synnøve Strøm

og få kunnskap og høve til å prøva å spinna på handtein og veva ullklutar på ein enkel måte.

Det vert servert kringle og brød m/pålegg

Pris kr.50,- for medlemmer, kr.150,- for andre. Det trengs ikkje påmelding

 

Søndag 25.09. Hausttakkefest i Hjelmeland kyrkje

Bygdekvinnene pyntar i kyrkja.

 

Torsdag 20.10. Matkveld på Hjelmeland ungdomsskule kl. 19.00

Kvinner frå Ukraina lagar og serverar ukrainsk mat.

Pris kr. 50,- for medlemmer, kr. 100 for andre.

Etterpå vert det Årsmøte.

Valnemnd er Aslaug Kleppa, Karina Halsne og Torill Berge

 

Onsdag 09.11. Fellesmøte med Sogelaget på Spinneriet kl.19.00

Tormod Skeie og Bente Thurmann -Nielsen frå Tysse i Erfjord kåserar

Det vert ein matkomite frå Bygdekvinnelaget, pris kr. 100,-

 

Onsdag 14.12. Julemøte i Vormedalen kl.19.00

Underhaldning v/bygdekvinnene i Vormedalen.

Pris kr. 500,-  Middag og dessert. Alle får ei julegåve på inngangsbilletten.

Påmelding innan 30.11. til Liv Inger, tlf. 98633835

Alle er velkomne, men ikkje-medlemmer får svar etter 30.11

grunna avgrensa plassar.

 

Frå onsdag 7. sept. vil Bygdekvinnelaget laga havregraut på ungdomsskulen a.k.v. onsdag.

Det er behov for fleire bygdekvinner til dette populære og sunne tiltaket, meld frå til Aslaug!