Hopp til hovedinnhold

Hjelmeland Bygdekvinnelag

Julemøte i Vormedalen

Onsdag 14. desember arrangerte bygdekvinnene i Vormedalen den tradisjonelle julefesten, leia av Liv Inger Mæland, som bur i Vormedalen og er leiar av Hjelmeland bygdekvinnelag. Av plassomsyn var det dekka til »kun» 60 damer. I kjent stil frå desse damene, blei det servert både middag og dessertbord av beste kvalitet. Likeså morsom og slagferdig underhaldning. Først blei me møtt med velkomstsang. Seinare var me vitne til «Trim for eldre» med instruktør Liv Laugaland med støtte frå radio-opptak. Deltakarane var ganske stive og kranke. Men så dukka den unge og spreke yogainstruktøren Marita Mæland opp, og verkelig fekk fart på damene! Då var det slutt på alle «vondtar». Det er altså viktig å ha inspirerande forbilde og tru på seg sjølv. Harald Liebich viste vakre naturbilde frå Vormedalen og elles i kommunen.
Siste post på programmet var utlodning av 60 juledekorasjonar som arrangørane hadde laga, imponerande! På inngangsbilletten fekk alle gratislodd.
Hjelmeland bygdekvinnelag og alle gjestene rettar ein stor takk for denne flotte festen!

Hjelmeland bygdekvinnelag har fått kr. 39 000 kr. frå Gjensidigestiftelsen til lokale arrangement. 7 lag som er tilslutta Rogaland bygdekvinnelag søkte   og fekk midlar under fellesprosjektet «Bygdekvinner nyt(ter) maten». Me planlegg å arranger 3 samlingar i 2023. Dette kjem me tilbake til seinare når alt er klart.

Kommiteen e_0.jpg d_0.jpg c_0.jpg B_0.jpg a_0.jpg IMG_2678_0.jpeg IMG_2662_0.jpeg IMG_2663_0.jpeg IMG_2665_0.jpeg IMG_2657_0.jpeg