Hopp til hovedinnhold

Ørskog Bygdekvinnelag

Litt oppsummering etter årsmøte 2021


Onsdag 6. oktober hadde vi medlemsmøte og årsmøte på Gamlebanken. - Her skal du få sjå kven som er det nye styret + aktivitetar vi har utover hausten.

På møta våre har vi alltid pent dekka bord og god mat - det høyrer med når vi bygdekvinnene møtast. Til denne kvelden hadde vi invitert Bjørg Kleppe og Nelly Marie Ytterli, som informerte om arbeidet sitt i distriksstyret og Studieforbundet. Det er veldig kjekt å møte medlemmer frå andre lag (Nelly og Bjørg er medlemmar i Valldal Bygdekvinnelag), og høyre kva dei gjer på. Vi blir inspirerte av kvarandre!

Nytt styre:

Vi valte nytt styre på årsmøte, og etter dei konstituerte seg, vart det slik:

  • Ragnhild Giskemo - leiar
  • Målfrid Sjåstad - nestleiar
  • Jorun Vestre - kasserar
  • Bente Gravem Holmeide - sekretær
  • Emma Hansen - styremedlem
  • Marit Leganger Braute - styremedlem

Og i tillegg så er det 2 vara:

  • Kristin Torine Amdam - 1. vara
  • Ingrid Rekdal Hjelle - 2. vara

 

Haustens aktivitetar:

  • Organisasjonskurs i Valldal, organisert av Valldal bkl. - Det skal bli lærerikt + vi får møte Jorun Henriksen, leiar for Norges Bygdekvinnelag.
  • Vi bygdekvinner er solidariske, og den som kan, blir med og går for TV-aksjonen søndag 24. oktober. Nei til barnebruder, ja til kvinner skal få utdanning!
  • Onsdag 27. oktober: Parteringskurs med Magne Henden som kurshaldar
  • Tysdag 16. november lagar vi til og sel mat på Olav Oksvik minnesamling. Deilig påsmurt, trur vi det blir.
  • 22. og 23. november blir det nye lefsekurs
  • 1. desember blir det julebord på Fjellstova for oss medlemmane
  • 2. søndag i advent steller vi til med adventsfrukost til bygdefolket

og så vil vi selge våre populære julekalendar! Meget flotte premier.

..og på nyåret vil vi i alle fall gjere dette:

  • Lage til skulefrukost i samarbeid med Bondelaget
  • Vi byr inn til dessertkurs. Dessertar av dei gode, gamle typane blir det då. Vi treng litt å glede oss over når dagane er mørke og kalde.