Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Leiar i NBKL,Jorunn Henriksen og leiar i RBKl,Marianne Jøsang
Ordstyrarane og ein del av Distriktsstyret
Årsmøtedelegater
Teljekorpset i arbeid
Solveig Marie Ådneram takker for seg som nestleiar i Distriktsstyret
Årsmøtedelegater

Årsmøte i Rogaland bygdekvinnelag 2023

Bryne Kro og Hotell
24.-25.mars-2023

Rogaland Bygdekvinnelag haldt årsmøte på Bryne og samla ca 60 damer og nokre menn der dei  fleste lag i Rogaland var representert.

Vertskapet Varhaug og- Nærbø bygdekvinnelag gjorde ein fantastisk jobb og bl.a festkvelden blei ein minnerik og fin kveld.

Kvar delegat fekk ei koseleg og kreativ helsing frå vertskapet i tråd med viktige kampsaker slik som dyrking kortreist mat. Viktige tema blei løfta fram blant anna matberedskap,jordvern,aktiviteter i laga,internasjonalt arbeid, og samarbeid på tvers av landegrenser. Me fekk høyra om arbeidet i Sambolabo,Kamerun og Guatemala. 

Ordstyrarane Margunn Nedrebø og Astrid Hammersmark leia oss trygt og fint gjennom årsmøte.

Fredag ; Marianne Jøsang ;leiar i Rogaland bygdekvinnelag opna årsmøte, ordførar i Hå kommune; Jonas Skrettingland ønska oss velkommen til Jæren og me fekk vera med til Kamerun, Sambolabo via reisebrev godt formidla av Marie Bergsholm Brunes. Jorun Henriksen,leiar i Norges Norges Bygdekvinnelag informerte om aktuelle saker i NBK  og det nye Bl.a her er "Bygdeløftet" og "Bygdekvinnenes hjelpetelefon". Gro Mabel Anda informerte om det nye prosjektet for året; "Bygdekvinner nyt(t)er maten" 

Fredagkvelden toppa seg med fantastisk god mat og god underhaldning i regi av vertslaga.

Laurdag haldt Marianne Jøsang ein engasjert tale, årsmelding og rekneskap blei lagt fram og mange engasjerte deltakarar deltok i generaldebatten. Arbeidsplan med nokre endringar og budsjett for kommande år blei godkjent. 

Solveig Marie Ådneram gjer seg som nestleiar. Åse Berit Fidjeland, Sone 1 blei vald inn som ny nestleiar i distriktsstyret. 

Det nye styret for 2023 er:

Marianne Jøssang- leiar

Åse Berit Fidjeland- nestleiar

Styremedlemmer: Magrete Tytlandsvik,Inga Lill Håkull, Gro Mabel Anda, Alice Tengesdal og Aslaug Sandanger

Varamedlemmer: Astrid Skretting, Liv Sikveland Borgersen og Kristin Skare

Ordstyrarar 2024: Astrid Hammersmark. Vara: Bjørg Seldal

Årsmelding for Rogaland bygdekvinnelag 2022 Program for årsmøte i RBKL 2023 Årsmøtesaker 2023 Protokoll årsmøte i RBKL 2023