Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Det norske måltid

Det norske måltid

På styremøtet 14. oktober hadde me besøk av hedersprisen "Det norske måltid"!

Han var med på 75års jubileumsfeiring i Bjerkreim, og skal på besøk til mange lokallag og distriktslag for å visa igjen det gode arbeidet som blir gjort rundt om i landet.

På biletet ser de frå venstre Astrid Skretting, Rita Aase Austvoll, Ann Karin Hammer, heidersprisen, Ingrid Haugstad Håland og Åse-Berit Fidjeland. Dei tre andre, Anne Kristine L. Andersen, Valborg Roalkvam Sandal og Anne Margrethe Myhre, var med på skjerm, men det var ikkje så lett å få dei med på biletet.

Takk for besøket!

Åse-Berit tar han med i kofferten når ho reiser til Lillehammer på inspirasjonssamlinga til Norges bygdekvinnelag. Valborg og Åse-Berit representerer Rogaland bygdekvinnelag i år, medan dei andre i styret arrangerer lokallagssamling på Sandnes.