Innhaldsrik lokallagssamling
Laurdag 26. oktober blei me møtt av denne soloppgangen på Utsyn misjonssenter og nysteikte kanelbollar. Det var ein god og inspirerande start på dagen.
Neste møte var med oldemor Nille Marie, som fortalde om livet sitt. Det var ei tøff dame/jente som var fødd ‘’uægte’’ og hadde gått på legd som barn og ungdom. I 1891 gifta ho seg med Morten Andreas før han reiste i militæret. Etter at han dimmiterte frå militæret, kom til saman ni barn tett mellom 1893 og 1911. I tillegg til forteljinga til Morten Andreas frå jula 1919 høyrde me òg om når kvinnene i Skjold skreiv under og sende brev om til støtte for unionsoppløysing i 1905. Tusen takk til Anne Kristine L. Andersen som engasjert gav liv til oldemora og livet på Dybvik!
Eitt av måla med samlinga var å læra meir om organisasjonsutvikling, og der var Silje Mydland og Sigve Hauge frå Rogaland bygdeungdomslag gode og tydelege inspiratorar. Først gjekk Silje gjennom vedtektene våre, og sette dei inn i ein samanheng, før Sigve snakka om budsjett og rekneskap. Fleire saknar eit godt skjema til rekneskapet, og me kan låna NBU sitt til me ev. får vårt eige. Som ei oppsummering gjekk me i grupper på fire-fem og diskuterte ulike spørsmål som “Korleis skal lokallaget planlegga året? Kva må ein ta hensyn til, kva skal ein arrangera.” og “Lokallagsleiaren ynskjer ikkje å ha regelbundne styremøter, og er generelt lite samarbeidsvillig. Korleis skal styret gå fram, kva kan gjerast?”
Eitt anna mål er å få både nye og trufaste medlemmar til å trivast i organisasjonen, og me fortsette me kafedialog for å få gode råd og utveksla tips om fleire av emna RBU hadde tatt opp. Engasjementet rundt kva ein god leiar er, kurs og prosjekt, sosiale medium, valarbeid, styreperm og gode referat og kasserar vs. rekneskapstenester var stort og det vart skrive ned mange tips. Tusen takk for hjelpa, og så kjem me attende til resultatet ved neste høve.
Olaug Sleveland Johansen, pensjonert psykiatrisk sjukepleiar, delte tankar om det å vera kvinne med søkelys på fysisk og psykisk helse. Der tok ho utgangspunkt i NOU 2023 - 5: “Den store forskjellen” som slår fast at kvinnehelse har låg status og at damer og menn har forskjellig helse i Noreg i dag. Det har ikkje endra seg mykje sidan førre NOU i 1999, og det er vanskeleg å få kunnskap ut til dei ulike profesjonane innan helsevesenet.
“Kjønn har betydning for helse. Kvinner og menn har ulik biologi, de lever ulike liv, og de rammes ulikt av sykdom. Dette perspektivet må ligge til grunn for å sikre gode helsetjenester for alle, uavhengig av kjønn.” slår dei fast i kap. 1.1. Noko av det som gjorde mest inntrykk var nok frå kap 5.2: “Et langt liv er imidlertid ikke det samme som et friskt liv. Tall fra 2018 viser at norske menn kan forvente 71,2 friske leveår, mens kvinner kan regne med få 68,1 år uten funksjonsvansker (214). Med andre ord; kvinner lever lenger enn menn, men har færre friske leveår.” (Den store forskjellen)
Dei siste åra har psykiske helseutfordringar blitt større, og spørsmålet er kva som kan vera grunnar til dette. Nokre peikar på sosiale medium og inntrykket av at det finst “eit perfekt liv”, men enkelte grupper kan få god psykisk helse ved bruk av sosiale medium. Nokre ungdommar med psykiske utfordringar kan halda kontakt med vener og kjende på sosiale medium for då er ikkje helseplagene deira synlege for andre. Olaug avslutta med å lesa frå bloggen “Heges lille rom”.
Ein måte å informera medlemmene på er via nettsida, og Janneke Wijergangs viste kor lett det er å leggja inn nye arrangement og artiklar etter gjennomføringa. Hjelmeland bygdekvinnelag legg ut referata frå styremøta, og sender e-post til medlemmane med lenke til nettsida. Dermed kan ein trykkja vidare på artiklar og arrangement, og legg ein inn Rogaland som distriktslag i tillegg, kjem alt opp der og hos NBK. Då finn me t.d. arrangement i heile landet om me vil.
Kva er fordelen med ei aktiv heimeside? Me er meir synlege enn me trur, og artiklane fungerer som dagbok, eller arkiv, for lokallaget og andre kan få gode idear til eigen årsplan. Der kan ein òg seinare henta bilete til årsmeldinga og sjekka ut om ein har fått med alle arrangement.
Distriktslaget informerte undervegs om frivillighetsregisteret, som ein må vera medlem av om ein vil registrera seg i Brønnøysund, og vil ein få momskompensasjon og t.d. Vipps, må ein det. Elles minna dei om Nøysam, årsmøterapportering både til NBK og RBK, tilbod om psykolog og juridisk hjelpetelefon, Agrol og Studieforbundet Kultur og tradisjon, og alle fekk med seg ein styreperm heim.
Ein innhaldsrik dag gjekk mot slutten, men ein liten spørjekonkurranse, som vart til ein spå, og utlodding avslutta dagen.
Tusen takk til Utsyn misjonssenter for flotte lokale og svært mykje og god servering undervegs!
Fleire bilete kjem om ikkje så brått…