Klar for sommarferie og aktivitet neste halvår
Vekene går fort, men det blei tid til kurs i sør- og nordfylket for valnemnder og styrer, samt arbeidsmøte for styret. Tusen takk for god drøs og stort engasjement. Dette må me gjera fleire gonger.
Torsdag 19. juni møtte ti damer på Lensmannsløa på Varhaug for å gå gjennom kurs i valnemdsarbeid for lokallaga saman med Ann Karin Hammer, Ingrid Haugstad Håland og Astrid Skretting. Fredag 21. møttest seks damer på Sjøperlo i Ølen for å gjera det same. Alle kan bruka kurset og rettleiaren som de finn på Norges bygdekvinnelag. Me burde hatt bilete, men vart så ivrige at me gløymde det… Lukke til med arbeidet før årsmøta i oktober!
Fredag var mest heile styret i Rogaland bygdekvinnelag med, sidan me skulle ha arbeidsmøte på Nesheimtunet på laurdag.
Det er positiv stemning og mykje god aktivitet i laga, og nå planlegg me inspirasjonssamling på Kronen gård 8. november. På grunn av feil dato i lokallagsutsendinga til NBK blir det same helga som inspirasjonsseminaret på Lillehammer, men då kan kanskje nokon reisa til Sandnes og andre til Lillehammer...
Hugs årsmøte i Rogaland bygdekvinnelag på Energihotellet på Nesflaten i veke 10!
Nyt dagane og sommaren!